Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Religionar i antikken

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg kunnskap om religionen i antikkens Hellas og Roma som går djupare og er meir detaljert enn den ein har fått i RELV105. Vekta ligg på religiøse institusjonar og religiøs praksis i den greske bystaten i klassisk tid og i republikkens Roma, men òg på det religiøse mangfaldet i keisartida.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har solid kunnskap om religiøse ritual, høgtider og dei sosiale, politiske og geografiske kontekstane for religiøse handlingar i antikken
  • har kjennskap til dei viktigaste kjeldene til religion i antikken
  • har oversyn over endringane i religiøse førestillingar og praksis frå klassisk tid fram til seinantikken
  • har evne til å setja kunnskapane om antikkens religionar inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand
  • har evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar
  • har evne til å skriva ein resonnerande tekst
  • har evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse:

Studenten

  • har evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar om antikkens religionar tilsvarande RELV105.

Studenten treng gode engelskkunnskapar. Kunnskapar i gresk og latin krevst ikkje, men gjev ein føremon i studiet.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV222 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV322.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar pr veke, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg skoleeksamen på 6 timar

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret (gjentakseksamen).

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    12.11.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    29.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen