Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Verdsfilosofiar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRELV232
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk (Skandinavisk: norsk og svensk)
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Annankvar vår (2015, 2016, 2018)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Kursets mål er:

¿ å gje ei innføring i eit utval ikkje-vestlige filosofiar, med særskilt fokus på epistemologi og på forståinga av relasjonen mellom mennesket, verda og «det guddommelege»;

¿ å gje fordjupa kunnskap om filosofiar i eit (valfritt) område, anten om (A) hinduisk og buddhistisk filosofi, om (B) jødisk og islamsk filosofi, eller om (C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

¿ ein generell kunnskap om eit utval ikkje-vestlege filosofiar, med særskilt fokus på epistemologi og på forståinga av relasjonen mellom mennesket, verda og «det guddommelege»;

¿ ein fordjupa kunnskap om filosofiar i eit valt område, anten om (A) hinduisk og buddhistisk filosofi, om (B) jødisk og islamsk filosofi, eller om (C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi;

¿ evne til å setja kunnskapane om verdsfilosofiar inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar.

Ferdigheiter

¿ evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand;

¿ evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar;

¿ evne til å skriva ein resonnerande tekst;

¿ evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

All pensumlitteratur er på engelsk. Studenten treng derfor gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp med RELV332

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

 Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva har to komponentar: 10 spørsmål som skal svarast på kort og eit essay. Spørsmåla som skal svarast på kort gjeld A Companion to World Philosophies og essayet gjeld spesialpensum.

Både spørsmåla og essayet må fylle eit minimumskrav for at studenten skal få greidd karakter på eksamen. Minimumskravet på spørsmålsdelen er 5 poeng (det er mogleg å få 0, 1/2 eller 1 poeng på kvart spørsmål .

Spørsmåla tel 20 prosent og essayet tel 80 prosent i karaktersetjinga.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått

Litteraturliste

 Pensum er på omkring 1000-1500 sider. All litteratur er på engelsk.

Halvparten av pensum er felles for alle. Til den andre halvparten vel studentane eit av følgjande tre spesialområde: A) hinduisk og buddhistisk filosofi, B) jødisk og islamsk filosofi, eller C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no