Verdsfilosofiar
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeRELV232
- Talet på semester1
- Språk Norsk (Skandinavisk: norsk og svensk)
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Vår, men ikkje fast.
NB. Emnet vert ikkje tilbydd vår 2020 eller vår 2021.
Emnet vert tilbydd haust 2020 (unntak).
Frå 2022 vert emnet tilbydd uregelmessig i vårsemestre.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målet til emnet er:
- å gje ei innføring i eit utval ikkje-vestlige filosofiar, med særskilt fokus på epistemologi og på forståinga av relasjonen mellom mennesket, verda og «det guddommelege»;
- å gje fordjupa kunnskap om filosofiar i eit (valfritt) område, anten om (A) hinduisk og buddhistisk filosofi, om (B) jødisk og islamsk filosofi, eller om (C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi.
Læringsutbyte
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
- studenten har generell kunnskap om eit utval ikkje-vestlege filosofiar, med særskilt fokus på epistemologi og på forståinga av relasjonen mellom mennesket, verda og «det guddommelege»;
-studenten har fordjupa kunnskap om filosofiar i eit valt område, anten om (A) hinduisk og buddhistisk filosofi, om (B) jødisk og islamsk filosofi, eller om (C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi;
-studenten har evne til å setja kunnskapane om verdsfilosofiar inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar.
Ferdigheiter
- evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand;
- evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar;
- evne til å skriva ein resonnerande tekst;
- evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg.
Generell kompetanse
Studenten har evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
All pensumlitteratur er på engelsk. Studenten treng derfor gode engelskkunnskapar.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Normalt 10 forelesingar à to timar, totalt 20 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar.
Av smittevernomsyn er vurderingsforma våren 2021 endra til 3 dagar heimeeksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår, men ikkje fast.I år med undervisning er det òg eksamen tidleg påfølgende haustsemester.
Unntak: Det vert tilbydd undervisning og eksamen i emnet haust 2020, og eksamen tidlig vårsemester 2021, jf. undervisningssemester.
Litteraturliste
Pensum er på omkring 1000-1500 sider. All litteratur er på engelsk.
Halvparten av pensum er felles for alle. Til den andre halvparten vel studentane eit av følgjande tre spesialområde: A) hinduisk og buddhistisk filosofi, B) jødisk og islamsk filosofi, eller C) konfutsiansk og ny-konfutsiansk filosofi.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt fr arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 10.02.2021, 09:00
- Innleveringsfrist
- 12.02.2021, 13:00
- Trekkfrist
- 02.02.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen