Hjem

Utdanning

Masteremne

Religionsvitskapleg teori

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet tek sikte på å gjere studentane kjende med sentrale bidrag til den internasjonale teoretiske debatten i religionsvitskap. Emnet tek òg sikte på å gje eit godt grunnlag for arbeidet med ei mastergradsoppgåve. Dette vil ein oppnå gjennom drøfting av teoribruk i tidlegare masteroppgåver i religionsvitskap, samt kjennskap til religionsvitskapelege tidsskrift.

For mastergradsstudentar i religionsvitskap er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i første semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har fordjupa kunnskap om teoretiske tilnærmingar og aktuelle teoretiske diskusjonar innanfor religionsvitskapen i ulike vitskapelege publiseringsformer (tidsskrift, bøker, podcast)

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å forstå og diskutera teoretiske spørsmålstillingar og teoretiske resonnement.
  • har evne til å skrive tekster i ulike akademiske sjangrar (bokmelding, kommentar, essay).
  • er kjend med vitskapeleg publisering, informasjonssøk, bruk av kjelder, kjeldekritikk, sitering og etikk.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har kompetanse i fordjupa og sjølvstendig akademisk lesing og skriving.
  • har fordjupa røynsle med å planleggje og gjennomføre skriftlege arbeid av ein bestemt sjanger og omfang innanfor oppgitte tidsfristar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB. Studentar ved andre masterprogram enn religionsvitskap som ønskjer å melde seg på emnet må søkje til studierettleiar@ahkr.uib.no

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10¿14 samlingar à to timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:

  • 1. Øving som går ut på kvar veke å skrive korte samandrag eller kommentarar på 150¿250 ord til ein episode frå religiousstudiesproject.com (skal leverast på Mitt UiB kvar fredag innan kl. 12, veke 36-48). Minstekrav er 8 innleveringer.
  • 2. Omtale av teoribruk i ei sjølvvald masteroppgåve (om lag 800 ord).
  • 3. Oppsummeringar av to sjølvvalde artiklar frå minst to ulike religionsvitskapelege tidskrift (400 ord kvar).

Tekstene leverast på Mitt UiB til oppgitte fristar.

Alle obligatoriske undervisningsaktiviteter må vere godkjende i eit og same undervisningssemester. Dersom ei innlevering ikkje vert godkjend, kan ho leverast inn ein gong til.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

I tråd med emnet si satsing på jamleg skriving og meistring av ulike sjangrar, består eksamen av fleire delar som strekker seg over heile semesteret:

  • 1. Semesteroppgåve om eit sjølvvald tema (3 000 ord) 50 %
  • 2. Kritisk omtale av ei pensumbok (1 000 ord) 30 %
  • 3. Oppsummeringar av to oppgitte artiklar frå religionsvitskapelege tidskrift (400 ord kvar) 20 % (= 2x10 %)

Semesteroppgåva tel 50 prosent av samla karakter i emnet. Bokomtala tel 30 prosent og artikkeloppsummeringane tel 20 prosent.

Alle eksamensdelar må vere greidde i eitt og same undervisningssemester.

Eksamen vert berre gjennomført i undervisningssemesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Eksamen vert berre gjennomført i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Pensum (900¿1400 sider) omfattar masteroppgåver, bøker, artiklar og podcast-episodar. Pensum består òg av sjølvvalde delar.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Tre oppgåver

    Trekkfrist
    16.11.2018
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      30.11.2018, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Omtale

      Innleveringsfrist
      15.10.2018, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppsummering

      Innleveringsfrist
      17.09.2018, 12:45
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen