Hjem
Studentsider
Masteremne

Spesialiseringsemne med semesteroppgåve (lektorutdanninga)

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeRELV302L
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Kvar haust, vår når det er ressursar til det.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.

Studenten kan velja eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk eller teoretisk karakter.

Læringsutbyte

Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har djupnekunnskap innafor temaet.
  • har kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet

Ferdigheiter

Studenten

  • har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
  • har evne til å kritisk granske eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
  • har evne til å finne relevant fagleg informasjon.
  • har evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
  • har evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.

Generell kompetanse

Studenten

  • har generell innsikt i temaet.
  • har erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til 5-årig lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap (med religionsvitskap som fag I).

Arbeids- og undervisningsformer

Utanom forelesingar og seminarundervisning, vil undervisninga i temaa kunne skje i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Vurderinga på emnet har to deler: ei rettleidd oppgåve og ein justerande munnleg eksamen

  • Semesteroppgåve (om lag 6000 ord), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna,
  • Justerande munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i undervisningsfritt semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider.

Littteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Programstyret for Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap har eit overordna koordinerande ansvar.

Emneansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål:

lektor@hf.uib.no