Hjem

Utdanning

Masteremne

Spesialiseringsemne med semesteroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeRELV302SEM
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust, men ikkje fast.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.

Innhald:

Forutsett at emnet vert tilbudd det inneverande semesteret, kan studenten velja eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk eller teoretisk karakter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

¿ har djupnekunnskap innafor temaet.

¿ har kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.

¿ har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.

Ferdigheiter:

Studenten

¿ har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.

¿ har evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.

¿ har evne til å finne relevant fagleg informasjon.

¿ har evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.

¿ har evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.

Generell kompetanse:

Studenten

¿ har generell innsikt i temaet.

¿ har erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Eventuelle tilrådde forkunnskapar er gjort greie for under omtalen av dei enkelte emnealternativa.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV302SEM redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV202SEM, same tema.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB. Studentar ved andre masterprogram som ønskjer å melde seg på emnet må søkje til studierettleiar@ahkr.uib.no

Arbeids- og undervisningsformer

Utanom forelesingar og seminarundervisning vil undervisninga i tema kunne skje i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Eksamen består av to komponentar: ei rettleid semesteroppgåve (5000-6000 ord) og ein justerande munnleg eksamen.

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det blir gitt vurdering i semester med undervisning.

Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000-1500 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no