Hjem
Studentsider
Masteremne

Religionsvitenskap: Frie studiepoeng (feltarbeid)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeRELV303FELT
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk, etter avtale
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Intervjustudie eller feltarbeid av minimum 2 månaders lengde i samband med masteroppgåva.

Kvar student skal, i samråd med rettleiar, utarbeide ein individuell plan for dette emnet. Det skal sendast ein søknad om godkjenning av denne planen til instituttet. Søknaden vert behandla av faggruppa. Det skal brukast eit skjema utarbeidet av faggruppa.

RELV303FELT/MUNT/SEM er eit valemne i masterstudiet i religionsvitskap.

Til vanleg kan berre eitt av RELV303-emna inngå i mastergraden.

Læringsutbyte

Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har grunnleggjande kunnskap om eit religiøst felt med særleg relevans til masteroppgåva.

Ferdigheiter:

Studenten har evne til å planlegge, gjennomføre og dokumentere eit avgrensa datainnsamlingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har evne til sjølvstendig kompetanseutvikling.
  • har evne til relevant kommunikasjon med informantar.
  • har evne til nettverkbygging.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet kan ikkje kombineres med RELV303MUNT/RELV303SEM, eller med RELV363.

Studiepoenguttellinga vert redusert med 15 studiepoeng om emnet vert kombinert med RELV303SEM eller RELV303MUNT.

Studiepoenguttellinga vert redusert med 5 studiepoeng om emnet vert kombinert med RELV363.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB. Studentar ved andre masterprogram enn religionsvitskap som ønskjer å melde seg på emnet må søkje til studierettleiar@ahkr.uib.no

Arbeids- og undervisningsformer

Avheng av innhald og resursar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å framvise dokumentasjon av feltarbeidsmateriale til rettleiar.

Døme på dokumentasjon: Billedmateriale, intervjumateriale, foto- og/eller filmdokumentasjon eller anna.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Rapport på om lag 6000 ord (cirka 15 sider).

Rapporten skal omhandle metodiske, metodologiske og forskingsetiske spørsmål.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust og vår, men ikkje fast

Der er òg vurdering tidleg i semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum på om lag 500 sider. Pensum skal veljast i samråd med rettleiaren.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rapport

    Innleveringsfrist
    08.12.2023, 13:00
    Trekkfrist
    24.11.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
    • Digital innlevering, Inspera