Religionsvitenskap: Frie studiepoeng (munnleg)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald:

Gjennom emnet RELV303MUNT skal studenten skaffa seg eit godt grunnlag for arbeidet med masteroppgåve og/eller styrka sine faglege kvalifikasjonar generelt.

Kvar student skal, i samråd med rettleiaren, utarbeide ein individuell plan for dette emnet. Det skal sendast ein søknad om godkjenning av denne planen til instituttet. Søknaden vert behandla av faggruppa. Det skal brukast eit skjema utarbeidet av faggruppa.

RELV303FELT/MUNT/SEM er eit valemne i masterstudiet i religionsvitskap.

Til vanleg kan berre eitt av RELV303-emna inngå i mastergraden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om et tema med særleg relevans til masteroppgåva.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
  • har evne til å kunne strukturere faglege resonnement.
  • har evne til å sette seg inn i komplekse faglige tema i løpet av kort tid.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har evne til sjølvstendig kompetanseutvikling.
  • har evne til å kunne kommunisere munnlig om komplekse faglige problemstillingar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

Emnet kan ikkje kombineres med RELV303SEM/RELV303FELT, eller med RELV363.

Studiepoenguttellinga vert redusert med 15 studiepoeng om emnet vert kombinert med RELV303FELT eller RELV303SEM.

Studiepoenguttellinga vert redusert med 5 studiepoeng om emnet vert kombinert med RELV363.

Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB. Studentar ved andre masterprogram som ønskjer å melde seg på emnet må søkje til studierettleiar@ahkr.uib.no
Arbeids- og undervisningsformer
Avheng av innhald og resursar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Munnleg eksamen på 30-40 minutt, der kandidaten presenterer ei problemstiling med utgangspunkt i sjølvald tema og litteratur (10 min.). Presentasjonen vert etterfølgd av ein fagleg samtale om presentasjonen og temaet for presentasjonen, samt andre delar av pensumlitteraturen (20 min.).

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen greidd/ikkje greidd.
Vurderingssemester
Haust og vår, men ikkje fast
Litteraturliste

Pensum på om lag 1200-1500 sider. Pensum skal veljast i samråd med rettleiaren.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap