Hjem
Utdanning
Masteremne

Religionsvitskaplege forskingsmetodar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRELV306
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål å gje metodisk og forskingsetisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva.

RELV306 vil fokusera på sentrale metodar innan religionsvitskapleg forsking samt forskingsetikk.

For mastergradsstudentar i religionsvitskap er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i andre semester. Emnet kan etter søknad til fagkoordinator, om det er faglege argument for det, erstattast av metodeemne ved andre institutt, fakultet eller institusjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om metodar og forskingsetikk innafor religionsvitskapen.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å velje relevante metodar i et forskingsarbeid, og beherske religionsvitskapens normer for dokumentasjon.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har evne til å kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor religionsvitskapen med spesialistar og til allmenta.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RELV301

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studenter med opptak til masterstudiet i religionsvitskap ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 15 - 20 undervisningseiningar (forelesingar, seminar, praktiske øvingar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:

  • Obligatorisk oppmøte til undervisning på minst 60 %.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • (a) ei skriftleg oppgåve på til saman 4000-6000 ord (om lag 10-15 sider)
  • og (b) ein heimeeksamen (5 dagar).

Oppgåva tel 60 %, heimeeksamen tel 40 % av den samla karakteren. Begge deler må være bestått i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Ca. 1000 - 1400 sider, der ein del er fellespensum og ein del er valfritt med særleg relevans for semesteroppgåva. Valfritt pensum skal dokumenterast i litteraturlista i semesteroppgåva.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og oppgåve

    • Eksamensdel: Oppgåve

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen