Hjem
Utdanning
Masteremne

Nyreligiøsitet

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg utdjupa kunnskapar om nyreligiøsitet i den vestlege verda.

Innhald:

Både nyreligiøsiteten si historiske utvikling så vel som samtidige religiøse prosessar står i sentrum. Emnet omfattar nye religionar, New Age og uorganisert nyreligiøsitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har fordjupa kunnskapar om den historiske utviklinga til vestleg nyreligiøsitet
  • kan gjere greie for viktige teoretiske tilnærmingar og modellar i studiet av vestleg nyreligiøsitet
  • har kjennskap til sentrale omgrep, retningar og skikkelsar i vestleg nyreligiøsitet

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar
  • har erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg
  • har evne til å skriva ein resonnerande tekst

Generell kompetanse:

Studenten

  • har evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar i religionsvitskap tilsvarande RELV101. Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV321 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV221.

Krav til studierett

Ope ved opptak til masterprogrammet i religionsvitskap eller andre masterprogram

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar pr veke, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal til fastsett tid levera inn ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal vera på om lag 1000 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva. Oppgåva vert vurdert til godkjend/ikkje-godkjend. Informasjon om tidspunkt for utlevering og innlevering av oppgåva, blir gitt på Mi side før opninga av studentweb.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen. Alle obligatoriske aktivitetar må gjennomførast i same semester. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    12.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen