Hjem
Studentsider
Masteremne

Hinduisme

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRELV324
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg utdjupa kunnskapar om utvalde sider ved hinduismen i fortid og nåtid. Det vert spesielt fokusert på valfartstradisjonar, gudinnetradisjonar, yoga, samfunnsmessig kontekst og moderne tolkingar.www.uib.no/fag/religionsvitenskap/79247/temaomtalar-religionsvitskap

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- inngåande kunnskapar om det regionale og lokale mangfaldet i hinduismen og hinduismens tekstgrunnlag

- inngåande kunnskapar om framveksten av ulike rituelle og teologiske tradisjonar og hinduismen som ein religiøs praksis og ein religiøs identitet og om moderne tolkingar

Ferdigheiter

- evne til å analysere fagstoff og trekka eigne slutningar

- evne til å skriva ein resonnerande tekst

- erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten skal kunna kommunisera om problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor dette kunnskapsfeltet.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Store delar av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp med RELV224.

Krav til studierett

Ope ved opptak til masterprogrammet i religionsvitskap eller andre masterprogram

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg skoleeksamen på seks timar (innitl 3000 ord).

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter.

Vurderingssemester

Vår.
Det er og eksamen tidleg i påfølgjande haustsemester.

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.
Litteraturlista for vårsemesteret blir publisert 1. desember.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.