Hjem
Utdanning
Masteremne

Hinduisme

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det humanistiske fakultet, UiB.

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg utdjupa kunnskapar om utvalde sider ved hinduismen i fortid og nåtid. Det vert spesielt fokusert på valfartstradisjonar, gudinnetradisjonar, yoga, samfunnsmessig kontekst og moderne tolkingar. Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- inngåande kunnskapar om det regionale og lokale mangfaldet i hinduismen og hinduismens tekstgrunnlag

- inngåande kunnskapar om framveksten av ulike rituelle og teologiske tradisjonar og hinduismen som ein religiøs praksis og ein religiøs identitet og om moderne tolkingar

Ferdigheiter

- evne til å analysere fagstoff og trekka eigne slutningar

- evne til å skriva ein resonnerande tekst

- erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten skal kunna kommunisera om problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor dette kunnskapsfeltet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Store delar av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp med RELV224

Krav til studierett

Ope ved opptak til masterprogrammet i religionsvitskap eller andre masterprogram

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.

Våren 2020 er 6 timar skoleeksamen erstatta av skriftleg eksamen heimefrå som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. Studentane får 2 timar (1/3 av ordinær tid) tilleggstid, slik at dei har 8 timar på å utforma svaret.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter.

Denne karakterskalen gjeld også våren 2020.

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    26.05.2020, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    12.05.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen