Hjem
Studentsider
Masteremne

Hinduisme

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det humanistiske fakultet, UiB.

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg utdjupa kunnskapar om utvalde sider ved hinduismen i fortid og nåtid. Det vert spesielt fokusert på valfartstradisjonar, gudinnetradisjonar, yoga, samfunnsmessig kontekst og moderne tolkingar.

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- inngåande kunnskapar om det regionale og lokale mangfaldet i hinduismen og hinduismens tekstgrunnlag

- inngåande kunnskapar om framveksten av ulike rituelle og teologiske tradisjonar og hinduismen som ein religiøs praksis og ein religiøs identitet og om moderne tolkingar

Ferdigheiter

- evne til å analysere fagstoff og trekka eigne slutningar

- evne til å skriva ein resonnerande tekst

- erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten skal kunna kommunisera om problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor dette kunnskapsfeltet.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Store delar av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp med RELV224

Krav til studierett

Ope ved opptak til masterprogrammet i religionsvitskap eller andre masterprogram

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.

NB. Våren 2021 er skoleeksamen erstatta av 3 dagar heimeeksamen som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. 

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter.

Denne karakterskalen gjeld også våren 2020.

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    03.05.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    05.05.2021, 13:00
    Trekkfrist
    19.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen