Hjem
Studentsider
Masteremne

Islam og muslimars religion

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg fordjupa kunnskapar om muslimsk religion.

Innhaldet i RELV335 vil variera frå semester til semester. Hovudtema kan vera: muslimske tekstar, islamsk rettsvitskap, islamske ritual, kjønnsperspektiv, muslimske rørsler og retningar, kvardagsreligiøsitet, estetikk. Det vert kunngjort på førehand kva for tema det vert gjeve undervisning i.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har djupare kunnskapar om muslimsk religion generelt og om det aktuelle temaet spesielt.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til gjere greie for viktige metodiske og teoretiske tilnærmingar i studiet av det aktuelle temaet
  • har evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar,
  • har evne til å skriva ein resonnerande tekst.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan skaffa seg informasjon på eiga hand, og vurdera han kritisk og vitskapleg,
  • kan formidla informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet,
  • kan kommunisera faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor fagområdet.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar om islam tilsvarande RELV102 er ein fordel. Studenten må ha gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV335 redusert med 15 studiepoeng om det
vert kombinert med RELV235

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på et masterprogram ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

8-10 forelesingar/seminar à to timar pr veke, fordelt over heile semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitar:

  • Obligatorisk oppmøte ved undervisning på minst 50 %.
  • Studentane skal halda minst eitt seminarinnlegg basert på pensum, og diskutera kvarandres arbeid.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg skoleeksamen på 6 timar

NB. Hausten 2020 er 6 timar skoleeksamen erstatta av skriftleg eksamen heimefrå som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. Studentane får 2 timar (1/3 av ordinær tid) tilleggstid, slik at dei har 8 timar på å utforma svaret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår (i undervisningssemesteret).

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret (gjentakseksamen), gitt at der var tilbod om undervisning semesteret føre, jf. undervisningssemester. Gjentakseksamen er bare open for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar, jf. eige avsnitt.

Litteraturliste

Pensum er på omlag 1200 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    23.09.2020, 09:00
    Varigheit
    8 timer
    Trekkfrist
    09.09.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen