Norrøne religionar
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeRELV341
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og svensk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår, men ikkje fast (emnet blir gitt vårsemestrene 2022 og 2023)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Den første delen av kurset gjev ei brei innføring i norrøn religion frå steinalder til vikingtid og i heile det nordiske området.
Fokus ligg på variasjon og endring.
Den andre delen er tematisk og vill variere frå semester til semester. Tema kan vere til dømes bergkunst og religion, kjønnsperspektiv, overgangsritual, V¿luspá, kvardagsreligiøsitet i vikingtida, osb. Det vert kunngjort på førehand kva for tema det blir undervist i på denne delen av kurset.
Læringsutbyte
Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap,
ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten har djupare kunnskapar om norrøn religion generelt og om det aktuelle temaet spesielt.
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å gjere greie for viktige metodiske og teoretiske tilnærmingar til studiet av norrøn religion generelt og om det aktuelle temaet spesielt
- har evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar,
- har evne til å skriva ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan skaffa seg informasjon på eiga hand, og vurdera han kritisk og vitskapleg,
- kan formidla informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet,
- kan kommunisera faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor fagområdet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskapar om norrøn religion tilsvarande RELV105 er ein fordel. Studenten må ha gode kunnskapar i engelsk og kunne lese dansk og svensk.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELV341 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV241.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på eit masterprogram ed Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
10 forelesingar og 5 seminar à to timar, fordelt over heile semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte ved undervisning på minst 50 %.
- 10 quizar (ein etter kvar forelesing). Ein må ha minst 80 % korrekte svar på minst 8 av quizane.
- Studentane skal halda minst eitt seminarinnlegg basert på pensum, og kommentere eit av dei andre studentane sitt arbeid.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ikkje godkjentd.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg skoleeksamen på 6 timar (inntil 3000 ord).
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår, men ikkje fast. (Vårsemestrene 2022 og 2023)
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret 2022 og 2023 for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensumlitteraturen er på omlag 1200 sider sekundærlitteratur og 200 sider originalkjelder i omsetjing. Ein stor del av litteraturen er på engelsk. Ein del kan vere på dansk og/eller svensk.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap.
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)