Religionsvitskap: Frie studiepoeng (munnleg)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald:

Gjennom emnet RELV363 skal studenten skaffa seg eit godt grunnlag for arbeidet med masteroppgåve og/eller styrka sine faglege kvalifikasjonar generelt.

Kvar student skal, i samråd med rettleiaren, utarbeide ein individuell plan for dette emnet.

RELV363 er eit valemne i masterstudiet i religionsvitskap.

Det er ikkje høve til å kombinere eit RELV363 emne med eit RELV303 emne i mastergraden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om et tema med særleg relevans til masteroppgåva.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
  • har evne til å kunne strukturere faglege resonnement.
  • har evne til å sette seg inn i komplekse faglige tema i løpet av kort tid.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har evne til sjølvstendig kompetanseutvikling.
  • har evne til å kunne kommunisere munnlig om komplekse faglige problemstillingar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
RELV363 kan ikkje kombinerast med RELV303SEM/MUNT/FELT. Studiepoenguttellinga vert redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB. Studentar ved andre masterprogram som ønskjer å melde seg på emnet må søkje til studierettleiar@ahkr.uib.no
Arbeids- og undervisningsformer
Avheng av innhald og resursar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Munnleg eksamen på 15-20 minutt (der kandidaten presenterar problemstiling med utgangspunkt i sjølvalgt tema og litteratur. Presentasjonen vert etterfulgt av en fagleg samtale om presentasjonen og emnet).

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen greidd / ikkje greidd.
Vurderingssemester
Haust og vår, men ikkje fast
Litteraturliste
Pensum på om lag 400-500 sider. Pensum skal veljast i samråd med rettleiaren.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap