Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRELVI250
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål at studenten skal få kjennskap til psykologiske og sosialvitskaplege tilnærmingar til religionsforskinga (religionspsykologi, religionssosiologi, religionsantropologi) og utvikle sin kjennskap til samanliknande religionsvitskap. Studenten skal skrive ei samanliknande oppgåve basert på ei problemstilling, som kombinerer teoretiske spørsmål og empiri frå forskjellige religiøse tradisjonar.

RELVI250 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kjennskap til sosialvitskaplige forståingar av religion
  • har kunnskap om sentrale omgrep innafor religionsforsking
  • har kjennskap til fagets viktigaste oppslagsverk, leiande tidsskrift og andre forskingsresursar

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan behandle religiøse fenomen på ein systematisk måte
  • kan vurdere likskapar og ulikskapar i religiøse fenomen på tvers av fleire religionar
  • kan kombinere teoretisk innsikt og empirisk kunnskap
  • kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver om nye tema
  • kan utføre prosjektbasert arbeid
  • kan arbeide både sjølvstendig og som deltakar i ei gruppe
  • kan behandle store mengder informasjon og litteratur innafor avgrensa tid

Krav til forkunnskapar

Ex.phil og ex.fac skal vere avlagt. Studentane skal ha tatt RELV101 samt to andre emne i religionsvitskap tilsvarande 30 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha gode engelskkunnskapar ettersom ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for RELVI250 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med RELVI250L.a

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10-14 forelesingar og/eller seminar à to timar, framleggseminar og UB-kurs. Tilbod om rettleiing av bacheloroppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:

  • Presentasjon av prosjekt på eit symposium som vert arrangert 4-6 veker før innlevering. Nærare opplysningar om symposiet og krav til presentasjonane vert kunngjorde på Mitt UiB minst ein månad i forkant.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamen består av to deler; ein breiddetest og ei bacheloroppgåve.

  • Del 1: Breddetest: Tre timar breiddetest (skriftleg skuleeksamen) arrangert midtveis i semesteret. Informasjon om tidspunkt for breddetesten blir kunngjort på Mitt UiB. Breiddetesten består av spørsmål knytt til ulike delar av fellespensum. På kvart spørsmål er det mogleg å få 0, 1/2 eller 1 poeng, og for å få bestått denne delen av testen må kandidaten ha klart minst 50 % av den totale poengsummen.
  • Del 2: Bacheloroppgåve: Bacheloroppgåva skal på ein komparativ måte kaste lys over eit grunnleggjande religionshistorisk/religionsvitskapleg problem, fenomen eller omgrep. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000-7000 ord.

Eksamensdel 1, breddetesten, tel 20% av den totale karakteren i vurderinga, og eksamensdel 2, bacheloroppgåva, tel 80% av den totale karakteren i vurderinga.

Begge eksamensdeler må vere avlagt og bestått i eit og same undervisningssemester.

Obligatoriske arbeidskrav må vere gyldige for å få vurdert eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum omfattar 1200-1500 sider, der 300-500 sider er sjølvvalde i samband med bacheloroppgåva og om lag 700 sider er fellespensum utarbeidd av instituttet. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no