Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap - Lektorutdanninga

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRELVI250L
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål at studenten skal få kjennskap til systematisk religionsvitskap. Systematisk religionsvitskap drøfter religionshistoriske problemstillingar på tvers av enkeltreligionar. Studenten skal skrive ei samanliknande oppgåve basert på ei problemstilling, som kombinerer teoretiske spørsmål og kjelder (empiri) frå forskjellige religiøse tradisjonar.

RELVI250L er ei obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap (Gjelder for studentar som er tatt opp til Lektorutdanninga med religionsvitskap som fag II)

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har kunnskap om sentrale omgrep og problemstillingar innafor religionsforsking

- har kjennskap til fagets viktigaste oppslagsverk, leiande tidsskrift og andre forskingsresursar

Ferdigheiter

Studenten

- kan behandle religiøse fenomen på ein systematisk og kristisk måte

- kan vurdere likskapar og ulikskapar i religiøse fenomen på tvers av fleire religionar

- kan kombinere teoretisk innsikt og empirisk kunnskap

- kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk

Generell kompetanse

Studenten

- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver om nye tema

- kan utføre prosjektbasert arbeid

- kan arbeide både sjølvstendig og som deltakar i ei gruppe

- kan behandle store mengder informasjon og litteratur innafor avgrensa tid

- kan skrive ei oppgåve i tråd med akademisk kjeldebruk og referanseteknikkar

Krav til forkunnskapar

Ex.phil og ex.fac skal vere avlagt. Studentane skal ha tatt RELV101 samt to andre emne i religionsvitskap tilsvarande 30 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha gode engelskkunnskapar ettersom ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Normalt 10-14 forelesingar og/eller seminar à to timar og UB-kurs. Tilbod om rettleiing av bacheloroppgåva.

Som del av undervisninga vil også studentane få anledning til å presentere prosjektet sitt på eit symposium som vert arrangert 5-7 veker før innlevering. Nærare opplysningar om symposiet og krav til presentasjonane vert kunngjorde på Mitt UiB minst ein månad i forkant.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av prosjekt på eit symposium som vert arrangert 5-7 verker før innlevering.

  • Minst ei rettleiing på bacheloroppgåva. Omfang rettleiing vert kunngjort ved semesterstart.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent, og begge dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjent i éitt og same undervisningssemester for å kunne gå opp til vurdering.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamen består av ei bacheloroppgåve.

Bacheloroppgåva skal på ein komparativ måte kaste lys over eit religionshistorisk/religionsvitskapleg problem, fenomen eller omgrep. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000-7000 ord.

Obligatoriske arbeidskrav må vere gyldige for å få vurdert eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.  

Litteraturliste

I tillegg til ei liste over anbefalt litteratur som vert gjort tilgjengeleg for studentane, skal studentane finne fram til relevante kjelder og forskningslitteratur (om lag 600 sider) for sine bacheloroppgåver.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det regelmessig organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no