Innføring i retorikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeRET100
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 SP
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ei innføring i kva retorikk er og korleis ein kan forstå munnleg og skriftleg språkbruk i eit retorisk perspektiv. Emnet gir oversikt over retorikken sin tradisjon og terminologi, og praktisk øving i å analysere talar og tekstar.
Emnet tek mellom anna opp:
- kva meiner vi når vi seier at språkbruk er retorisk?
- kvifor og korleis oppstod retorisk teori, og kva vart den nytta til?
- kva meiner vi med «den retoriske tradisjonen»?
- kva er tilhøvet mellom retorikk og filosofi, mellom retorikk og vitskap, mellom retorikk og sanning?
- kva tyder retorikk i ei moderne medieverd?
- korleis kan vi nytte innsikt i retorikk når vi sjølve uttrykkar oss i skrift og tale?
Emnet vert tilrådd for studentar på Bachelorprogram i retorikk. Emnet er nyttig for alle som seinare skal studere eller jobbe med språk og kommunikasjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kjenner dei viktigaste omgrepa i retorisk teori
- har kjennskap til sentrale teoriar i retorikken si historie
Ferdigheiter
Studenten kan
- bruke retoriske omgrep og modellar i utarbeiding og vurdering av munnlege skriftlege tekstar og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten kan
- ta i bruk retorikk i teorisk forståing av og praktisk arbeid med språkbruk i ulike sjangrar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøteplikt.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal
- halde ein munnleg presentasjon
- levere ei obligatorisk øvingsoppgåve på 900 - 1200 ord
- møte på 75% av seminara
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 2000 og 4000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Programansvarleg
Programstyret for retorikk
Emneansvarleg
Programstyret for retorikk.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Semesteroppgåve
- Trekkfrist
- 18.10.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen