Filosofi og retorikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

«Filosofi og retorikk» er eit tverrfagleg område som mellom anna knyter seg til kulturfilosofi, didaktikk, pedagogisk filosofi, språk- og kommunikasjonsteori, religionsfilosofi og estetikk. Det rommar både historiske og tematiske innfallsvinklar.

Historisk sett handlar det om tilhøvet mellom to viktige intellektuelle tradisjonar som har stått til kvarandre på ulike måtar sidan dei oppstod. Døme kan vera striden mellom Sokrates og sofistane i antikken, tilhøvet mellom filosofi og talekunst i klassiske danningstradisjonar, eller korleis retoriske omgrep går inn i hermeneutiske og estetiske teoriar i nytida. I slike samanhengar er òg kultur- og idéhistoriske perspektiv sentrale, mellom anna på tilhøvet mellom det munnlege og det skriftlege, og på kommunikasjonsformer og -teknologiar.

Tematisk kan området omfatta filosofiske perspektiv på retorisk teori og praksis, til dømes epistemologiske, etiske og estetiske problemstillingar. Under dette kan ein ta for seg vitskapsteoretiske problemstillingar i retorikkfaget. Fagområdet omfattar òg undersøking av filosofiske tekstar i retorisk perspektiv, så som tropar, figurar og framstillingsformar i filosofien, og dessutan bruk av retorisk analyse i filosofiske undersøkingar av tekst og tale i ulike genrar (både akademiske og andre).

Emnet tek for seg eit utval av teoriar, omgrep og problemstillingar innan fagområdet. Målet er gje ei orientering i relevante tema i aktuell forsking. Studentane skal få øving i drøfting og framstilling både av filosofiske problemstillingar ved retorisk teori og praksis og av retoriske aspekt ved filosofiske tekstar og tema.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversikt over nokre sentrale tema i forskingsfeltet filosofi og retorikk
  • utdjupande kunnskap om visse problemstillingar innan forskingsområdet

Dugleik

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • drøfta og gjera greie for filosofiske problemstillingar ved retorisk teori og praksis for eit fagleg og eit allment publikum
  • drøfta og gjera greie for retoriske aspekt ved filosofiske tekstar og tema for eit fagleg og eit allment publikum
  • arbeida sjølvstendig med problemstillingar i skjæringsfeltet mellom filosofi og retorikk

Kompetanse

I kombinasjon med andre emne og fag kan det gje kompetanse til undervisning i filosofi i ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Emnet vil vera godt eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet har normalt undervisning i vårsemesteret, men tilbodet er avhengig av at instituttet har tilgjengelege ressursar. Eventuelle undervisningsfrie semester vert annonserte i emneplanen innan 1. desember.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar

Greidd ex.phil. og ex.fac.

Emnet er eit fordjupingsemne som føreset allmenn bakgrunnskunnskap og studierøynsle. Det er ein klår føremon at studentane vil ha avlagd eksamen i dei obligatoriske emna på 100-nivå i retorikk og/eller filosofi. Studentar med annan fagbakgrunn er velkomne, men må rekna med ekstra innsats. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. Kjennskap til fleire språk er ein føremon.

Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar fullt med RET252 (15 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av seminar som føreset aktiv deltaking frå studentane (framlegging av fagstoff, oppgåveutkast og kommentering av slike).

Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Studentane vil i staden få tilbod om individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finn stad.

  • Framlegging av oppgåveutkast på eitt av seminara til kommentering av medstudentar.
  • Kommentering av ein medstudent sitt utkast på eitt av seminara.
  • Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Inntil 1 time individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Tema for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få vurdering i emnet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum. I tillegg vel studenten eit særpensum i samråd med faglærar.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert kvart undervisningssemester. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Programstyret for retorikk.
Emneansvarleg
Programstyret for retorikk.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.