Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nordisk retorikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRET205
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet Nordisk retorikk tar for seg historiske og systematiske aspekt ved retorikken innanfor nordiskfaget. Retorikken fokuserer på litteratur som kommunikasjon i eit samspel mellom avsendar, verk og mottakar. Kurset vil ha vekslande innhald. Dels vil ein fokusere på retorikken i produksjon og resepsjon av litteratur. Men nordiskfaget sin eigen retorikk, til dømes innan litteraturhistorieskriving, vil òg vere eit tema. Det vil vere viktig å utvikle evna til å nytte retoriske omgrep på analysedøme.

Emnet er ein del av bachelorprogrammet i retorikk. Studentar på dette programmet med enkel spesialisering i retorikk, kan ta RET205 som eitt av valemne på 200-nivå.

Studentar på bachelorprogrammet i nordisk, med spesialisering i nordisk språk og litteratur kan ta RET205 som eit av valemna på 200-nivå i nordisk språk og litteratur.

RET205 kan også takast som frie studiepoeng.

Felles undervisning med NOLI212/NOLI312/RET255/NOLI321

Tema for vårsemesteret 2019: ¿Politisk litteratur. Ideologi, diktekunst og retorikk fra Wergeland til vår tid¿


Dette fordypningsemnet undersøker forholdet mellom litteratur, samfunn, politikk og ideologi. Vi skal ta for oss en rekke forfattere og verk som på ulike måter har intervenert politisk eller ideologisk i det samfunnet som omgir dem. Emnet har en historisk innfallsvinkel i den forstand at vi begynner med litterære verker skrevet i første halvdel av attenhundretallet, for så å bevege oss gradvis frem mot vår egen samtid.

Vi undersøker tekster i ulike sjangre - både lyrikk, epikk, dramatikk og sakprosa - med til dels svært forskjellig syn på hva det vil si å skrive politisk, og til dels svært ulike politiske og ideologiske holdninger. I tillegg skal vi ta for oss en del sentrale teoritekster som diskuterer spørsmålet om politisk litteratur: om en slik litteratur i det hele tatt er mulig, om den har reell politisk betydning, om den kan lykkes både kunstnerisk og politisk samtidig, og om hvordan vi skal gå frem for å lese den.

Metodisk legger kurset opp til en historisk-komparativ sammenlikning av eldre og nyere tekster, med vekt på en ideologikritisk, retorisk og resepsjonsorientert lesemåte, der vi blant annet spør: Hvordan har disse tekstene virket eller forsøkt å virke i mer eller mindre spesifikke historiske situasjoner, og hvordan har ettertiden behandlet dem? Tematisk berører vi politisk emner som jødeparagrafen i Norges Grunnlov, psykiatri, arbeideropprør, terrorisme, antifascisme, kvinnesak, migrasjonsdebatt, naturvern, rovkapitalisme og nyliberalisme - men også antisemittisme, verdikonservatisme og misantropi.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • kunnskap om ulike litterære sjangrar og kva rolle retorikken spelar i dei
  • oversyn over retorikken sin plass i den nordiske litterære offentlegheita

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • nytte retoriske omgrep på ulike tekstar frå nordisk litteratur
  • analysere kritikk og annan litterær resepsjon retorisk

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • sjå og peike på retoriske mønster i nordisk skjønnlitteratur og sakprosa som ikkje er på pensum
  • finne og forklare retoriske mønster og strukturar i andre nordiskfaglege samanhengar, til dømes knytte til nordisk som forskingsfag og skulefag.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Årsstudium i nordisk språk og litteratur eller RET101 (Allmenn og praktisk retorikk).

Studiepoengsreduksjon

RET205 og RET255 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir normalt gjeve som førelesingar eller seminarundervisning kvar veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Vurderingsformer

Sju dagars heimeeksamen (om lag 4500 ord).

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Karakterskala A¿F.

Vurderingssemester

Vår og haust.

Litteraturliste

Pensum er ca. 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    25.09.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    02.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    11.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen