Nordisk retorikk
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeRET205
- Talet på semester1
- SpråkNorsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet Nordisk retorikk tar for seg historiske og systematiske aspekt ved retorikken innanfor nordiskfaget. Retorikken fokuserer på litteratur som kommunikasjon i eit samspel mellom avsendar, verk og mottakar. Kurset vil ha vekslande innhald. Dels vil ein fokusere på retorikken i produksjon og resepsjon av litteratur. Men nordiskfaget sin eigen retorikk, til dømes innan litteraturhistorieskriving, vil òg vere eit tema. Det vil vere viktig å utvikle evna til å nytte retoriske omgrep på analysedøme.
Emnet er ein del av bachelorprogrammet i retorikk. Studentar på dette programmet med enkel spesialisering i retorikk, kan ta RET205 som eitt av valemne på 200-nivå.
Studentar på bachelorprogrammet i nordisk, med spesialisering i nordisk språk og litteratur kan ta RET205 som eit av valemna på 200-nivå i nordisk språk og litteratur.
RET205 kan også takast som frie studiepoeng.
Tema for NOLI312, RET205 og RET255 våren 2021: Ibsen, Bjørnson og realismen i Norden
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- kunnskap om ulike litterære sjangrar og kva rolle retorikken spelar i dei
- oversyn over retorikken sin plass i den nordiske litterære offentlegheita
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- nytte retoriske omgrep på ulike tekstar frå nordisk litteratur
- analysere kritikk og annan litterær resepsjon retorisk
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- sjå og peike på retoriske mønster i nordisk skjønnlitteratur og sakprosa som ikkje er på pensum
- finne og forklare retoriske mønster og strukturar i andre nordiskfaglege samanhengar, til dømes knytte til nordisk som forskingsfag og skulefag.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Årsstudium i nordisk språk og litteratur eller RET101 (Allmenn og praktisk retorikk).
Studiepoengsreduksjon
RET205 og RET255 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir normalt gjeve som førelesingar eller seminarundervisning kvar veke.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen (om lag 4500 ord).
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A¿F.
Vurderingssemester
Vår og haust.
Litteraturliste
Pensum er ca. 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 11.05.2021, 13:00
- Innleveringsfrist
- 20.05.2021, 13:00
- Trekkfrist
- 27.04.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen