Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Litteraturvitskapleg retorikk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studenten fordjupande innsikt i eit problemområde i retorikken. Gjennom studiet får studenten ei grundig forståing for eit avgrensa felt i litteraturvitskapleg retorikk. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • gode kunnskapar om eit retorisk problemområde generelt og særleg temaet som vert behandla i bacheloroppgåva

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar innanfor det aktuelle retoriske feltet
  • demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur som er relevant for problemstillinga
  • vise ferdigheiter i å analysere retorisk eit eller fleire litterære verk, forskingslitteratur og posisjonere forskingslitteraturen
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid

Generell kompetanse:

Studenten har

  • grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid
  • kompetanse i fagleg kommunikasjon
  • evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingara

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ALLV111-114.

Studiepoengsreduksjon

RET256: 15 studiepoeng

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er felles med RET256.

Det blir gjeve undervisning i form av seminar, ca. 30 timar per semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal halde eit munnleg innlegg på seminaret, som skal godkjennast av faglærar.

Vurderingsformer

Prøveforelesing på om lag 30 minutt med tema oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum i det litteraturvitskaplege særområdet omfattar ca åtte verk. Av desse skal minst to vere av ikkje-teoretisk art (essays, sakprosa, skjønnlitteratur). Eit utval på 100 sider litteraturteori gjeld som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eit verk. Dei litterære verka skal om mogeleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon