Retorikk og interkulturell kommunikasjon
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeRET209
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i interkulturell kommunikasjon i eit retorisk perspektiv. Ein får kjennskap til studiet av interkulturell kommunikasjon og korleis det er relatert til andre kulturfag og til utviklinga av det nye fagfeltet «komparativ retorikk». Emnet tar opp omgrep som kultur, språk, stereotypiar, mangfald og annleisheit, og korleis desse omgrepa og diskusjonane rundt dei har både historiske, politiske og teoretisk-filosofiske sider. Ein får innblikk i retorisk teori og praksis, og i faglege utfordringar knytt til studiet av ikke-vestleg retorikk.
I tillegg til eit fellespensum skal kvar student utarbeide eit eige pensum i tilknytning til ei semesteroppgåve. Ei innføring i akademiske sjangerkrav, litteratursøk og andre sider ved forsknings- og skriveprosessar inngår i undervisninga. Emnet tek sikte på å utvikle evna til å resonnere sjølvstendig rundt faglege problemstillingar i gjennomarbeid skriftleg form. Ved sida av å få individuell rettleing frå faglærar skal studentane også rettleie kvarandre i kollokviegrupper og gjennom muntlege presentasjonar.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- kunnskap om fagfelta interkulturell kommunikasjon og komparativ retorikk
- forståing av korleis teoriar om kultur og kommunikasjon sjølv inngår i retoriske, historiske, politiske og økonomiske samanhengar
- kjennskap til sentrale omgrep innan kultur- og språkteori
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- bruke faglege omgrep og perspektiv på ein reflektert måte i analyse av interkulturell retorikk og kommunikasjon
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- gjennomføre kritiske og fagleg informerte analysar av retorikk og interkulturell kommunikasjon
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac.
Studiepoengsreduksjon
RET209 overlappar fullstendig (15 stp) med SPIK250.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finn stad, jamfør ordinære reglar.
- Bestått breiddetest
- Oppmøtekrav på førelesingane: studentar kan maksimalt gå glipp av 6 timar (3 førelesingar) utan gyldig grunn/dokumentasjon
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/Vår
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for retorikk.
Emneansvarleg
Programstyret for retorikk.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Kontakt
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Oppgåve
- Innleveringsfrist
- 08.03.2023, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen