Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i retorikk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig saman med faglærar/rettleiar med eit nærare avgrensa tema. Arbeidet med bacheloroppgåva skal gje høve til fordjuping i retorisk analyse og teori i historisk og/eller aktuelt perspektiv.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne har studenten

  • innsikt i eit nærare avgrensa tema innan særskilde retoriske problemområde eller tilnærmingsmåtar
  • oversikt over sentrale problemstillinger, metodar og teoriar innan dette temaet

Dugleik:

Etter fullført emne kan studenten

  • kjenne att og kritisk vurdere hovudposisjonar og argument i forskingslitteratur om temaet
  • følgje med i den faglege debatten innan temaet på eit nivå av moderat vanskegrad
  • vurdere relevansen av temaet for andre delar av det retoriske fagfeltet, for andre fag eller for meir allmenne samanhengar
  • utarbeide klare, oversiktlege og relativt grundige skriftlege framstillinger innanfor temaet, eigna til bruk for eit fagleg såvel som eit meir allment publikum

Kompetanse:

Etter fullført emne har studenten kompetanse til

  • vidare studiar basert på temaet, til dømes på masternivå
  • formidling av grunnleggjande innsikt i temaet, til dømes i form av undervisning i vidaregåande skule
  • utarbeiding av dokument for utgreiing og rådgjeving til bruk i samanhengar der innsikt i temaet er relevant

Emnet inngår i studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i retorikk. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i retoriske problemstillingar i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Greidd ex.phil., ex.fac. og avlagd eksamen i emna RET101, RET102 og RET208.

Studiepoengsreduksjon

For studentar som har tatt andre emne med nærliggande tema kan det være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Ved byrjinga av semesteret vert det halde eit intensivseminar med vekt på teori og metode.

I tillegg kjem ei arbeidssamling for drøfting av oppgåveutkast i løpet av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finn stad.

Framlegging av oppgåveutkast på arbeidssamling.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før siste rettleiinga.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal være godkjent av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Studenten legg opp pensum i samråd med faglærar.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for retorikk.

Emneansvarleg

Programstyret for retorikk.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    02.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    11.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen