Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane djupare innsikt i litteraturvitskapleg retorikk og i retorikkhistoriske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • gode kunnskapar om litteraturvitskapleg retorikk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare problemstillingar i litteraturvitskapleg retorikk
  • demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur som er relevant for problemstillinga
  • vise ferdigheiter i å analysere retorikk i eit eller fleire litterære verk, posisjonere forskingslitteraturen litteraturteorietisk
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid

Generell kompetanse:

Studenten har

  • grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid
  • kompetanse i fagleg kommunikasjon, særleg på feltet retorikk
  • evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

ALLV111-114.

Studiepoengsreduksjon

RET206: 15 studiepoeng

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er felles med RET206.

Det blir gjeve undervisning i form av seminar, ca. 30 timar per semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møte til minimum to rettleiingar.

Tema for bacheloroppgåva skal fastsetjast i samråd med faglærar.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler som kvar tel 50% av endeleg karakter:

  • Bacheloroppgåve på 12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord).
  • Munnleg eksamen der det blir eksaminert både i bacheloroppgåva og i resten av pensumet.

Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum i det litteraturvitskaplege særområdet omfattar ca åtte verk. Av desse skal minst to vere av ikkje-teoretisk art (essays, sakprosa, skjønnlitteratur). Eit utval på 100 sider litteraturteori gjeld som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eit verk. Dei litterære verka skal om mogeleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Studentar som gjer endringar i pensum må melda instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    06.09.2019
    • Eksamensdel: Bacheloroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.09.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Andre opplysninger
      Avtales individuelt etter oppgaveinnlevering.