Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei elementær innføring i hovudlinene i russisk språk og realia og skal danne eit godt grunnlag for vidare studium i russisk.

Kurset kan også komme til nytte i ei rekkje andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar.

For studentar som ikkje kan dokumentere kunnskapar tilsvarande RUS100 eller har greidd den fagdiagnostiske testen som blir arrangert i byrjinga av kvart semester, er RUS100 eit obligatorisk emne for å kunne ta vidare studium innan russisk bachelor (RUS120, RUS121, RUS130, RUS131, RUSPZ132, RUS240 og RUS251).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap Studenten

  • har tileigna seg det kyrilliske alfabetet, også i handskrift, og eit elementært vokabular.
  • har kunnskapar om hovudlinene i russisk uttale og grammatikk.
  • har basiskunnskapar om russiske realia.

Ferdigheiter Studenten

  • kan lese, forstå, omsetje og gjere greie for innhaldet i enkle, adapterte tekstar munnleg.
  • kan føre enkle samtalar på russisk.
  • kan gjere greie for grunnleggjande fenomen i russisk grammatikk og vise at han/ho også meistrar desse i praksis, både munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse Studenten

  • er godt budd til vidare studium i russisk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar i setningsanalyse er ein føremon.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset går over heile semesteret, i 12 veker, med normalt 6-8 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vere førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjing, lesevurdering, samtalar på russisk og liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane

2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i munnleg russisk

3) Innlevering av minst 70% (8 av 12) av dei skriftlege innleveringsarbeida

4) Deltaking på minst 7 av dei 10 av glose- og setningsprøvene

5) Ein munnleg prøve på russisk.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Ein avsluttande skriftleg skuleeksamen på 4 timar

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Ei begynnarbok blir gjennomgått. I tillegg kjem praktisk fonetikk og enkel konversasjon på russisk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    23.11.2022, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    09.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen