Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Russisk grammatikk (2) og Skriftleg russisk (2)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

RUS113 er sett saman av Russisk grammatikk (2) og Skriftleg russisk (2). RUS113 skal utvida kunnskapane i grammatikk til å omfatta alle sentrale emne og utdjupa innsikta i russisk språkstruktur. Studentane skal vidare øva opp dugleiken sin i skriftleg russisk og i omsetjing frå norsk til russisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne: Studentane

  • har utvida kunnskap om sentrale emne i grammatikken som aspekt, aksjonsartar, passiv og partisipp.
  • kan gjera teoretisk greie for fenomen i russisk grammatikk og visa at han/ho også meistrar desse i praksis.
  • har auka ordforrådet sitt og dugleiken i praktisk grammatikk og språkbruk.
  • kan bøya det sentrale ordforrådet.
  • kan omsetja forholdsvis enkle tekstar med variert ordforråd og tematikk frå norsk til russisk og gje korte skriftlege framstillingar på russisk.
  • er godt budde på vidare studium i russisk og har ei innsikt i det russiske språksystemet som gjer det mogleg å vidareutvikla kunnskap og dugleik i russisk på eiga hand, slik at dei kan nyttast i andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS113 byggjer på RUS100 og RUS111, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Studiepoengsreduksjon

Full fagleg overlapp med RUS103

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i Russisk grammatikk (2) vil gå over eit heilt semester med normalt 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar og øvingar.

Undervisninga i Skriftleg russisk (2) vil gå over eit heilt semester med normalt 2 timar undervisning i veka. Undervisningsforma er omsetjing frå norsk til russisk og andre skriftlege øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte til minst 70% av undervisninga. Det blir også kravd at studentane leverer minst 70 % (8 av 12) av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar som omfattar både Grammatikk og Skriftleg russisk (ei skriftleg omsetjing frå norsk til russisk) blir avvikla i slutten av haustsemesteret. Svara på grammatikkoppgåvene skal skrivast på norsk. Ved samanrekning til samla karakter for dei to eksamensdelane tel grammatikken 60 % og omsetjinga 40 %. Studenten må ha ståkarakter i begge eksamensdelane.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, kor F er stryk.

Litteraturliste

Pensum består i hovudsak av eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen (to delar)

    Dato
    04.12.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    20.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen (grammatikk)

    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen (omsetjing)