Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Russisk kultur (2) Tekst og tale (2)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeRUS114
  • Talet på semester1
  • Språk

    Russisk kultur og tekst: Norsk

    Munnleg russisk (tale): Russisk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

RUS114 omfattar førelesingar i Kultur og praktisk undervisning i Tekst og tale. Emnet skal gje fordjupa innsikt i russisk kultur med hovudvekt på russisk litteratur, øva opp den munnlege dugleiken og gje viktig skrivetrening.

RUS114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i russisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne: Studentane

  • har utvida kunnskap om russisk kultur med særskilt vekt på eit fordjupingsområde innan kultur/litteratur.
  • har betre innsikt i akademisk argumentasjon og korleis ein byggjer opp og formulerer eit akademisk essay.
  • har vidareutvikla dugleik i å lesa, forstå og kommunisera på russisk.
  • har øvd opp ferdigheitar i å omsetja tekstutdrag, munnleg og skriftleg, frå russisk til norsk.
  • er i stand til å uttrykkja seg munnleg på russisk om emne som er relatert til pensum.

Krav til forkunnskapar

RUS114 byggjer på RUS100, RUS111 og RUS112, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Studiepoengsreduksjon

Full fagleg overlapp med RUS154.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i RUS114 går over eit heilt semester med førelesingar, tekstgjennomgang og 2-3 timar i veka med munnleg undervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane.

2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga med språkpedagogen.

3) Studentane må også møta på rettleiing i samband med essayet.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering og munnleg eksamen. Det vert arrangert eksamen berre i undervisningssemesteret.

I vurderingsmappa inngår eit rettleidd essay og ei skriftleg kunnskapsprøve. Essayet, som er på om lag 2000 ord, skal leverast til fastsett frist. Essayet tel 60% og kunnskapsprøva 40% av mappa.

Munnleg eksamen inneheld lesing og omsetjing av eit tekstavsnitt frå pensum og deretter ein samtale på russisk.

Ved fastsetjing av samla karakter tel mappa 70% og munnleg eksamen 30%. Ein må ha ståkarakter i alle vurderingsdelane for å få ståkarakter i heile emnet. Alle vurderingsdelane må vera greidd i eksamenssemesteret.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, kor F er stryk.

Litteraturliste

Pensum omfattar eit utval primærtekstar på russisk og sekundærlitteratur som skal danna grunnlag for kunnskapsprøva og for skriving av essayet.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Eksamensinformasjon