Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Russisk historie og kultur

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gje innsikt i russisk historie, kulturhistorie og samfunn.

Studiet formidlar grunntrekka i russisk historie med særleg fokus på samanhengen mellom kulturhistoria og den politiske historia. Emnet tar m.a. opp tema som den russiske kyrkja si historie, idehistorie, litteratur, og norsk-russiske relasjonar. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om hovudlinene i russisk historie og kulturhistorie.
  • har utvikla eit reflektert forhold til russisk historie, kultur og samfunn gjennom analysar av ulike historiske utviklingstrekk, kulturelle uttrykk og samfunnsmessige endringsprosessar.

Ferdigheiter Studenten

  • kan orientere seg i ulike kjelder til russisk historie og kulturhistorie.

Generell kompetanse Studenten

  • kan analysere og formidle sentrale tema i russisk historie og kulturhistorie munnleg og skriftleg. 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Full fagleg overlapp med emnet RUS112.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går normalt over eit heilt semester med 1 dobbel førelesing i veka. Emnet nyttar aktive undervisningsformar med aktivisering av studentar gjennom presentasjonar, variert førebuing og etterarbeid.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte til minst 70% av undervisninga, ei godkjent skriftleg heimeoppgåve på omlag 1500 ord og rettleiing i samband med oppgåva. Oppgåva skal skrivast på norsk, russisk eller engelsk.

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva våren 2021. Vi oppmodar likevel studentane sterkt til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestra. 

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen (4 timar) til 4 timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumlista består av 1-3 grunnbøker og eit knippe artiklar på til saman omkring 900 ss. Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    11.05.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    27.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen