Russisk litteratur I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje fordjupa innsikt i russisk kultur med hovudvekt på russisk litteratur, og gje viktig akademisk skrivetrening.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har utvida kunnskap om russisk litteratur med særskilt vekt på eit fordjupingsområde.
  • har kunnskap om pensumtekstane og deira kontekst og kan plassere dei i høve til hovudlinene i russisk litteratur- og kulturhistorie.
  • har fått ei innføring i litterær tekstanalyse.
  • har god innsikt i vitskapeleg argumentasjon og i korleis ein byggjer opp og formulerer eit litteraturvitskapleg essay.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har vidareutvikla ferdigheit i å lese og forstå russisk.
  • har øvd opp ferdigheiter i å omsetje tekstutdrag munnleg frå russisk til norsk.
  • har ferdigheit i å nytte litteraturteoretiske omgrep i sjøvstendig tekstanalyse.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i russisk litteratur og er godt budd på vidare studium i russisk.
  • har kompetanse i tekstanalyse og akademisk skriving som også kan nyttast på andre fagfelt.
  • har gjennom arbeidet med essayet fått øving i å planleggje, strukturere og gjennomføre ei arbeidsoppgåve som strekkjer seg over tid.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
RUS100, eller forkunnskapar som svarar til dette emnet.
Tilrådde forkunnskapar
RUS120 og RUS121 eller forkunnskapar som svarar til desse emna.
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp med RUS114
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i RUS131 går normalt over 9 veker frå veke 39 med 4 timar i veka. Undervisningsforma er førelesningar og tekstgjennomgang. I veke 36 - 38 får studentane ein tilrådd leseplan.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av undervisninga

2) Innlevering av oppgaveutkast på 1,5 - 2 sider

3) Oppmøte til obligatorisk rettleiing i samband med skriving av heimeoppgåva

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Mappevurdering. I mappevurderinga inngår ei rettleid heimeoppgåve og ein skriftleg skuleeksamen på 3 timar. Heimeoppgåva, som er på om lag 2000 ord, skal skrivast på norsk og leverast til fastsett tid. Alle delane av mappa må vere greidd i undervisningssemesteret. Mappa får ein samla karakter.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen blir arrangert berre i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Pensum omfattar eit utval primærtekstar på russisk og sekundærlitteratur som skal danne grunnlag for kunnskapsprøva og skriving av essayet. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skoleeksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for russisk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Institutt for fremmedspråk