Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Russisk språk og språkvitskap

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

RUS240 har som mål 1) at studentane gjennom ei språkvitskapleg tilnærming får god innsikt i strukturen i utvalde emne i russisk språk, og 2) at dei får ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg, så vel som samfunnsrelatert perspektiv. Dei vil òg 3) få kunnskapar om omsetjingsteori og skrivekonvensjonar og vidareutvikla dugleiken sin i skriftleg russisk gjennom omsetjingar og andre skriftlege øvingar. 4) Utdjupa dugleiken sin i munnleg russisk gjennom samtaletimane med russisk språkpedagog.

RUS240 dannar eit godt fundament for vidare studium i russisk. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har gode kunnskapar og utdjupa innsikt i utvalde grammatiske emne
  • har utdjupa innsikt i russisk lydlære, setningsbyggjing, ordbøying og orddanning
  • god kjennskap til russiske skrivekonvensjonar og til grunnleggjande omsetjingsteori

Ferdigheiter:

Studenten

  • er i stand til å analysere russisk språkstruktur og gjere greie for russiske grammatiske emne i samanlikning med norsk.
  • har djupare innsikt i eit språkvitskapleg omgrepsapparat og analyse.
  • kan omsetje middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar frå norsk til russisk
  • kan utforme sjølvstendige, resonnerande tekstar på russisk og dermed vise at ein meistrar den teoretiske grammatikken i praksis.
  • kan setje russisk standardspråk i perspektiv som ein av fleire varietetar av russisk.
  • har vidareutvikla den generelle dugleiken i russisk og er i stand til å presentere og drøfte problemstillingar knytte til pensum på russisk munnleg.

Generell kompetanse:

Studenten

  • er godt budd på eit masterstudium i russisk, men òg i stand til å kunne vidareutvikle kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis. 

Krav til forkunnskapar

RUS100 eller forkunnskapar som svarar til dette emnet 

Tilrådde forkunnskapar

RUS120, RUS130 og RUS131 og RUSPZ132 eller forkunnskapar som svarar til desse emna.

Studiepoengsreduksjon

Full fagleg overlapp med RUS211.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går normalt over eit heilt semester med 6¿8 timar i veka. Undervisningstilbodet omfattar teori, øvingar og skriftleg og munnleg russisk. Undervisningsforma vil vere førelesningar, øvingar og kollokvietimar og gjennomgang av skriftlege omsetjingar norsk-russisk og andre skriftlege arbeid.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane.

2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga med språkpedagogen.

3) Det blir òg kravd at studentane leverer minst ei skriftleg oppgåve som svarer til ei eksamensoppgåve i disiplinen Russisk språkstruktur, ei skriftleg oppgåve om russisk språk og minst 70% (6 av 9) av innleveringsarbeida i disiplinen Skriftleg russisk (A-oppgåver) og minst 2 fritekstar (B-oppgåver).

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret. 

Vurderingsformer

Våren 2020 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen (6 timar) og munnleg eksamen, til skriftleg eksamen heime (8 timar) og munnleg eksamen, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Kvar av delane tel 50% av samla karakter i emnet. Ved heimeeksamen er alle hjelpemiddel tillatne.
 

Hjelpemiddel til eksamen

Ved heimeeksamen er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

I samband med endring av vurderingsform våren 2020, er karakterskala endra frå gradert karakterskala A til F, der F er stryk, til bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Utvalde emne frå ein høveleg grammatikk, supplert med språkvitskapleg litteratur, eit kompendium i lydlære, diverse støttemateriale og øvingar, og eit hefte med oppgåver i skriftleg russisk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Skriftlig eksamen vil ikke foregå på campus våren 2020. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    11.05.2020
    • Eksamensdel: Skriftleg eksamen heime

      Dato
      25.05.2020, 09:00
      Varigheit
      8 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      19.05.2020–20.05.2020