Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Russisk litteratur II

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRUS251
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og russisk 
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår 

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje fordjuping i sentrale emne i den russiske litteraturen, opplæring i sjølvstendig akademisk arbeid og danna godt grunnlag for vidare studium i russisk litteratur.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om pensumtekstane og deira kontekst og kan plassere dei i høve til hovudlinene i russisk kultur- og litteraturhistorie
  • har erverva kunnskap om sentrale problemstillingar i russisk litteratur
  • kan arbeide sjølvstendig med litterær tekstanalyse og bruke eit sentralt litteraturteoretisk omgrepsapparat

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruke tileigna omgrep og analysemodellar i sjølvstendig tekstanalyse
  • har øving og dugleik i kritisk lesing og vurdering av pensumstoffet
  • har vidareutvikla den generelle dugleiken i russisk og er i stand til å presentere og drøfte problemstillingar knytte til pensum både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse:

Studenten

  • har god innsikt i russisk litteratur og kultur og er godt budd på vidare studium i russisk
  • har ein kompetanse i tekstanalyse og akademisk skriving som også kan nyttast på andre fagfelt
  • har gjennom arbeidet med semesteroppgava fått øving i å planleggje, strukturere og gjennomføre ei arbeidsoppgåve som strekkjer seg over tid  

Krav til forkunnskapar

RUS100, eller forkunnskapar som svarar til dette emnet. 

Tilrådde forkunnskapar

RUS100, RUS120, RUS121, RUS130, RUS131 og RUSPZ132 eller forkunnskapar som svarar til desse emna. 

Studiepoengsreduksjon

Full overlapp med RUS252.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset Russisk litteratur II har normalt 3¿4 timar undervisning i veka gjennom heile semesteret. Undervisningsforma vil vera førelesingar og tekstgjennomgang, der all teori og delar av primærlitteraturen blir gjennomgått.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i Bergen.

2) Innlevering av disposisjon eller utkast til semesteroppgåva innan 15. mars, og innsending av eit utvida utkast til oppgåva innan 1. mai. Desse innleveringane gjev grunnlag for ei munnleg og ei skriftleg rettleiing.

3) Oppmøte til ei rettleiing.

4) Skriftleg kunnskapstest med omsetjing til norsk av eit utdrag frå ein russiskspråkleg pensumtekst.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før innlevering av semesteroppgåva.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleia semesteroppgåve på om lag 4000 ord som må leverast innan 1. juni. Oppgåva skal normalt skrivast på norsk og fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.  

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår. Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar skjønnlitterære tekstar på russisk og eit utval relevant sekundærlitteratur. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no