Hjem
Utdanning
Masteremne

Russisk språkhistorie og språkstruktur

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studenten ei grundig innføring i ei språkvitskapleg tilnærming til det russiske språket. Emnet inneheld fire delar, 1) språkhistorie 2) tekstutdrag på kyrkjeslavisk og gamalrussisk 3) moderne russisk språkstruktur og 4) språk og samfunn.

Emnet skal formidle forståing for hovudtrekka i russisk språkhistorie, og det blir lagt særskilt vekt på å syne den relevansen språkutviklinga har for moderne standardrussisk og russiske dialektar.

Studiet gjev eit oversyn over teksttypar og litterær aktivitet frå kristninga inntil 1800-talet. Kurset byggjer vidare opp ei språkvitskapleg forståing for moderne russisk språkstruktur og presenterer sentrale emne innanfor russisk sosiolingvistikk og/eller dialektologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har ei oversikt over russisk språkhistorie og kan beskrive dei viktigaste språkendringane i russisk.
  • har innsikt i sentrale språkendringar og språkvariasjonar over tid og rom og kan forklare tilhøvet mellom standardspråk og dialekter og mellom skriftspråk og talemål.
  • har ei oversikt over utviklinga av det russiske skriftspråket og av den russiske skriftkulturen før 1700.
  • har utdjupa kunnskapar om enkeltemne, som morfologisk analyse o.a.
  • har oppøvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar som er naudsynte for arbeid med ei masteroppgåve om russisk språk.

Ferdigheiter

Studenten

  • har opparbeidd ferdigheiter i å lesa og vurdere språkvitskapleg litteratur, både på russisk og på andre språk.
  • kan nemne dei viktigaste skilnadene mellom nord- og sørrussiske dialektar.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i sentrale emne innanfor moderne russisk sosiolingvistikk og/eller dialektologi.
  • har ei god forståing av moderne russisk språkstruktur.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB. Studentar på andre masterprogram med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandspråk om å få melde seg til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt 3-4 timar undervisning i veka i tolv veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske innleveringar. Innleveringane inneheld spørsmål frå tidlegare eksamensoppgåver og andre korte oppgåver.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Eksamen er ein seks timars skuleeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Russisk språkhistorie og språkstruktur har eit primærpensum og eit sekundærpensum. Primærpensum inneheld tekstar og tekstutdrag (ca 15 sider), sekundærpensum er sett saman av utvalde lærebokkapittel og artiklar frå faglitteraturen (ca. 700-900 sider) på engelsk, russisk og/eller norsk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    27.11.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    13.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted