Hjem
Utdanning
Masteremne

Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRUS303
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og russisk; evt. engelsk ved behov
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet har som mål å la studenten fordjupe seg i eitt eller fleire sentrale emne innanfor anten russisk språk, litteratur eller kultur. Fagmiljøet gjev undervisning i ulike særemne, alt etter kva lærarressursar som er til rådevelde og studentane sine faglege retningsval.


Studiet tar til dømes opp tema som dialektologi, intonasjon, språkleg variasjon, russisk språk etter perestrojka, avantgarden i russisk litteratur, moderne russisk prosa, den russiske romanen på 1800-talet, Kaukasus i russisk litteratur (fortid og notid), og Petersburg-myten i russisk litteratur og kultur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har solide kunnskapar om det utvalde emnet innanfor russisk språk, litteratur og/eller kultur.
  • har utvikla teoretisk innsikt i temaet og i problemstillingar som kan kome til nytte i arbeidet med masteroppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • har øvd seg i å omsetja russiske sakprosatekster til norsk, og frå norsk til russisk.
  • har fått trening i akademisk framstilling, både skriftleg og munnleg, både på russisk og på norsk, gjennom skriftlege oppgåver (omsetjingar og essay), eit seminarinnlegg på russisk og diskusjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til lærestoffet.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er RUS301 og RUS302 eller tilsvarande emne.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB. Studentar på andre masterprogram med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandspråk om å få melde seg til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt minimum ei dobbelttime førelesning i veka i ti veker, og individuell rettleiing. Dersom ressursane tillèt det, blir det i tillegg halde seminar minimum 3 dobbelttimar i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eit munnleg innlegg på russisk og fire omsetjingar (to norsk-russisk og to russisk-norsk) av pensumrelaterte tekstar.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa inneheld tre delar: 1) Ei skriftleg oppgåve/eit essay som skal skrivast på norsk, 2) ein skriftleg versjon av det munnlege innlegget (på russisk) og 3) ei kort skriftleg kunnskapsprøve (3 timar). Svara på kunnskapsprøva kan skrivast på norsk eller russisk. Alle delar av mappa må vere greidd i undervisningssemesteret. Mappa får ein samla karakter.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Omfanget på pensumet vil variere med emnet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemeseret og innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no