Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å la studenten fordjupe seg i eitt eller fleire sentrale emne innanfor anten russisk språk, litteratur eller kultur. Fagmiljøet gjev undervisning i ulike særemne, alt etter kva lærarressursar som er til rådevelde og studentane sine faglege retningsval.

Studiet tar til dømes opp tema innanfor russisk idehistorie, kulturhistorie, russisk samtidslitteratur, språk, kultur og politikk, den russiske romanen på 1800-talet, dialektologi, russisk språk etter perestrojka, språkvalg og språklig variasjon i Russland, Ukraina og Belarus.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har solide kunnskapar om det utvalde emnet innanfor russisk språk, litteratur, kultur og samfunn.
  • har utvikla teoretisk innsikt i temaet og i problemstillingar som kan kome til nytte i arbeidet med masteroppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • har øvd seg i å omsetja russiske sakprosatekster til norsk/engelsk, og frå norsk/engelsk til russisk.
  • har fått trening i akademisk framstilling, både skriftleg og munnleg, både på russisk og på norsk/engelsk, gjennom skriftlege oppgåver (omsetjingar og essay), eit seminarinnlegg på russisk og diskusjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til lærestoffet.
  • kan presentere og forholde seg til relevante faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar i eit adekvat fagspråk, både munnleg og skriftleg

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er RUS301 og RUS302 eller tilsvarande emne.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB. Studentar på andre masterprogram med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandspråk om å få melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt minimum ei dobbelttime førelesing i veka i ti veker, og individuell rettleiing.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eit munnleg innlegg på russisk og fire omsetjingar (to norsk/engelsk-russisk og to russisk-norsk/engelsk) av pensumrelaterte tekstar.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa inneheld tre delar: 1) Ei skriftleg oppgåve/eit essay som skal skrivast på norsk eller engelsk, 2) ein skriftleg versjon av det munnlege innlegget (på russisk) og 3) ein skriftleg skuleeksamen (3 timar). Svara på skuleeksamen kan skrivast på norsk, engelsk eller russisk. Alle delar av mappa må vere greidd i undervisningssemesteret. Mappa får ein samla karakter.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det blir og arrangert midtsemestereksamen i haustsemesteret for studentar med gyldige obligatoriske aktivitetar.
Litteraturliste

Omfanget på pensumet vil variere med emnet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemeseret og innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for russisk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.