Hjem
Utdanning
Masteremne

Særemne

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

RUS306 er eit masteroppgåveførebuande kurs og har som mål at studentane får utdjupa innsikt i eit særemne innanfor russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har utdjupa innsikt innanfor eit særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap

Ferdigheiter:

Studenten

  • har opparbeidd seg god kjeldekritisk sans i omgang med forskingslitteratur
  • har trena seg i formidling av vitskaplege problemstillingar

Generell kompetanse:

Studenten

  • er i stand til å arbeide på sjølvstendig vis med forskingslitteratur, kjeldekritikk og vitskaplege problemstillingar. 

Tilrådde forkunnskapar

RUS301, RUS302 eller tilsvarande emne. 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB. Studentar på andre masterprogram med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandspråk om å få melde seg til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset blir vanlegvis gitt som lesekurs med tre rettleiingsmøte i semesteret. Studenten utarbeider under rettleiing ei pensumliste tilpassa emnet. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Munnleg presentasjon. Emnet for presentasjonen blir fastsett i samråd med rettleiar og framføringa blir lagt til eit oppgåveseminar (RUS350). Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter. 

Vurderingsformer

Heimeeksamen (omfang: 3000¿4000 ord, 7 dagar). 

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Studentane setjer i samråd med rettleiar opp eit pensum på omlag 1500¿2000 sidar. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    18.05.2020, 09:00
    Innleveringsfrist
    25.05.2020, 13:00
    Trekkfrist
    04.05.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen