Hjem
Studentsider
Masteremne

Særemne

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeRUS307
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, russisk eller engelsk 
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Vår / Haust, uregelmessig emne

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

RUS307 er eit masteroppgåveførebuande kurs og har som mål at studentane får utdjupa innsikt i eit særemne innanfor russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har utdjupa innsikt innanfor eit særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap

Ferdigheiter:

Studenten

  • har opparbeidd seg god kjeldekritisk sans i omgang med forskingslitteratur
  • har trena seg i formidling av vitskaplege problemstillingar

Generell kompetanse:

Studenten

  • er i stand til å arbeide på sjølvstendig vis med forskingslitteratur, kjeldekritikk og vitskaplege problemstillingar. 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

RUS301, RUS302 eller tilsvarande emne. 

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB. Studentar på andre program med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandspråk om å få melde seg til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset blir vanlegvis gitt som lesekurs med to rettleiingsmøte i semesteret. Studenten utarbeider under rettleiing ei pensumliste tilpassa emnet. Dersom det er relevant, kan også film inngå i pensum.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Munnleg presentasjon på 20 min. Emnet for presentasjonen blir fastsett i samråd med rettleiar og framføringa kan bli lagt til eit oppgåveseminar (RUS350). Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter. 

Vurderingsformer

Skriftleg heimeessay på 2500 ord om eit oppgitt emne. 

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det er ordinær slutteksamen i semester med undervisning i emnet (vår/haust).
I semester det ikkje er undervisning i emnet, er det vurdering tidleg i det påfølgjande semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Studentane setjer i samråd med rettleiar opp eit pensum på omlag 700 sidar. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no