Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i russisk

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å lære studenten å arbeide med eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen til studenten (russisk språk, litteratur og/eller kultur og samfunn).

I oppgåva skal studenten dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet.

Oppgåva vert normalt skrive på norsk eller russisk, med eit samandrag på engelsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei og generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område.
  • har kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen.
  • er kjent med relevante kommunikative sjangrar.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysinga på grunnlag av faglege kunnskapar.
  • kan setja seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet.
  • er kjent med normene for akademisk skriving.
  • kan uttrykkje på russisk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde.
  • kan skaffe seg og nytte kunnskap på nye område innanfor faget og nytte forskingsbibliotek.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
  • kan nytte dei IKT-verktøya som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet.
  • kan sjølvstendig halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialiering.
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag for masteroppgåva er kursdelen av mastergradsstudiet i russisk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde studiesemesteret, men studentane blir oppmoda til å delta på masterseminar frå første semester av, og til å leggje fram eit tema for masteroppgåva, diskutere dette med faglærarane og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester. Det er også ønskjeleg at studentane utarbeider ei prosjektskisse i andre semester.

Prosjektskisser og utkast til delar av masteroppgåva blir lagde fram på oppgåveseminar (work-in-progress-seminar), der studentane mellom anna vil få rettleiing i formelle og metodiske aspekt ved oppgåveskrivinga. Studentane skal på ein aktiv måte ta del i oppgåveseminaret, både ved å presentere eigne bidrag og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva.

Studenten får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttleiar. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva, i samråd med faglærarane, så tidleg som mogleg i andre semester.

Studentane får òg tilbod om munnleg undervisning med språkpedagogane under heile studieløpet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) To innlegg på oppgåveseminaret

2) Rettleiing

Vurderingsformer

Eksamen er todelt: 1) innlevering av masteroppgåve og 2) justerande munnleg eksamen. Den munnlege eksamen blir halden etter sensur av oppgåva. Under munnleg eksamen skal studentane presentere oppgåva på 10-15 minuttar. Presentasjonen blir følgt av spørsmål og diskusjon. Munnleg eksamen skal gå føre seg på russisk (for kandidatar med russisk som førstespråk går eksaminasjonen føre seg på norsk). Den munnlege prøva er justerande (ein karakter opp eller ned).

Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.

Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår/Haust. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    06.11.2019
    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.11.2019, 13:00
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen