Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Russisk språk og kultur i Russland

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor
 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

 Petrozavodsk

Mål og innhald

RUSPZ132 har som mål 1) at studentane får utdjupa dugleiken sin i munnleg og skriftleg russisk 2) at studentane får innsikt i dagens russiske kultur og kulturpolitikk gjennom besøk ved minnesmerker i og omkring Petrozavodsk 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten

  • har gode kunnskapar og utdjupa innsikt i russisk språk og russisk grammatisk terminologi
  • har utdjupa innsikt i dagens russiske kultur

Ferdigheiter: Studenten

  • har vidareutvikla den generelle dugleiken i russisk og er i stand til å presentere og drøfte problemstillingar knytte til russisk kultur og kulturpolitikk munnleg og skriftleg.
  • har djupare innsikt i det russiskspråklege grammatiske omgrepsapparatet.

Generell kompetanse: Studenten

  • er i stand til å kunne vidareutvikle kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis. 

Krav til forkunnskapar

 RUS100 eller forkunnskapar som svarar til dette emnet

Tilrådde forkunnskapar

RUS120, eller forkunnskapar som svarar til dette emnet. 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går normalt over 6 veker ved Petrozavodsk Statsuniversitet (veke 33 - 38), med 20 timar i veka og i tillegg eit kulturrelatert program.

Dei studentane som ikkje reiser til Russland og tar emnet RUSPZ132, kan ta emnet SEK100 i Bergen.  

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte til undervisninga 

Vurderingsformer

Munnleg prøve etter heimkomst til Bergen. Prøva består av eit førebudd innlegg på russisk, ein test som prøvar tekst/lytteforståing og ein påfølgjande samtale.  

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Studentane får litteratur, støttemateriale, øvingar o.l. ved lærestaden. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon