Hjem
Studentsider
Årsstudium

Samfunnskunnskapsdidaktikk 1

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningssemester

Haust

(3. semester for studentar som tek sosiologi som fag 1, og 5. semester for studentar som tek sosiologi som fag 2)

Mål og innhald

Dei grunnleggjande spørsmåla i fagdidaktikken handlar om kva skulefaget samfunnskunnskap har vore og kan vera og korleis læraren kan presentera og planleggja innhaldet i faget slik at elevar med ulike føresetnader og behov kan tileigna seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei rammene som skulen er underlagt.

For det første handlar skulefaget om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunna fungera i samfunnslivet, for andre om ein kritisk tenkjemåte som vektlegg elevane sin evne til å forsvara tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og for det tredje om støtte til ein kommunikativ tenkjemåte som vektlegg elevane sin vilje og evne til å møta samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiske dialogar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt, og emnet skal gi eit grunnlag for læraren sitt arbeid med dette faget.

Undervisninga i emnet skal bidra til å utvikla studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål. Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar kunnskapane sine om og i fag, samt lærer å planleggja, gjennomføra og vurdera kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleiker og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har gode kunnskapar om:

  • ulike perspektiv på faget si rolle og oppgåve i utdanning og for unge menneske som samfunnsmedlemmer
  • samfunnskunnskapen sin plass i læreplanverket i vidaregåande skule og på ungdomssteget.
  • prinsipp og viktige omsyn i strukturering og planlegging av undervisning

Dugleiker

Studenten kan:

  • drøfta og vurdera ulike sider ved faget i samarbeid med andre og utvikla eigen fagdidaktisk ståstad og praksis
  • drøfta og vurdera tilhøvet mellom utdanningspolitiske mål og retningsliner og klasseromspraksis
  • planleggje og gjennomføre undervisning basert på fagdidaktisk og disiplinfagleg kompetanse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • ta heilskapleg ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
  • nyttiggjera seg fagdidaktisk kunnskap som grunnlag for å velje arbeidsmåtar, lærestoff og oppgåveformer som i størst mogleg grad er tilpassa eleven sine føresetnader.
  • inngå som reflektert medlem i eit lærarkollegium med eigen fagdidaktisk ståstad
  • oppdatera seg på det fagdidaktiske feltet

Krav til forkunnskapar

Minimum 15 studiepoeng i sosiologi.

PEDA120 og KOPRA102 for studenter som har sosiologi som fag 2.

PEDA120 og KOPRA101 for studenter som har sosiologi som fag 1.

Studiepoengsreduksjon

DIDASAK1 (5 sp)

Krav til studierett

Studentar som er tekne opp på lektorprogrammet, og som tek sosiologi som fag 1 eller fag 2.

Arbeids- og undervisningsformer

Fagdidaktikken skal vere relatert til praksis i skulen.

Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte tidsrom utanom praksisperiodane.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal vere relatert til praksis i skulen.

Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte tidsrom utanom praksisperiodane. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på 80% av undervisninga

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein firetimers skuleeksamen der pensumlitteraturen skal relaterast til praksisproblemstillingar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen 

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester. 

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 300 sider

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet. 

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    01.12.2022, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    17.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen