Hjem
Utdanning
Årsstudium

Samfunnskunnskapsdidaktikk 2

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Fagdidaktikken handlar om kva eit skulefag er, har vore og kan vera og korleis læraren kan presentera og planleggja faget slik at elevar med ulike føresetnader og behov kan tileigna seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei rammene som skulen er underlagt. For det første handlar skulefaget om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunna fungera i samfunnslivet, for andre om ein kritisk tenkjemåte som vektlegg elevane sin evne til å forsvara tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og for det tredje om støtte til ein kommunikativ tenkjemåte som vektlegg elevane sin vilje og evne til å møta samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiske dialogar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt, og emnet skal gi eit grunnlag for læraren sitt arbeid med dette faget.

Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar kunnskapane sine om og i fag, samt lærer å planleggja, gjennomføra og vurdera kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Undervisninga i emnet skal bidra til å vidareutvikla studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål, med vekt på utvikling og vurdering av det faglege innhaldet i skulefaget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • korleis elevar si tenking om sosiale tilhøve utviklar seg
  • perspektiv på faget sin funksjon i samfunnet med særleg vekt på demokrati og globalisering
  • ulike arbeidsmåtar i samfunnskunnskap

Dugleikar

Studenten kan:

  • drøfta ulike tilnærmingar til haldningsbyggande undervisning
  • vurdera læremiddel fagleg og fagdidaktisk i samfunnskunnskap
  • formulera siktemål med undervisninga i samfunnskunnskap med utgangspunkt i forsvarlege tolkingar av læreplanane, og med utgangspunkt i perspektiv på demokrati og politisk danning planleggja og gjennomføra undervising

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • vidareutvikla fagdidaktisk dugleik som grunnlag for å velja og for å vurdera arbeidsmåtar, lærestoff og oppgåveformer
  • utvida sin kapasitet til å bruka og kritisk vurdera ulike læremiddel som ledd i undervisninga i samfunnskunnskap
  • kan oppdater seg fagdidaktisk og delta i utviklingstiltak i skulen

Krav til forkunnskapar

SAKDI111 byggjer på SAKDI101 Samfunnskunnskapsdidaktikk 1, og på at dei to fyrste kortpraksisperiodane er godkjende.

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på intergrert lektorutdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte periodar før og etter praksis. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 100% obligatorisk deltaking på ein undervisningsverkstad som vert arrangert om lag midtvegs i praksisperioden. Godkjend deltaking på undervisningsverkstad føreset framlegging av eit undervisningsopplegg til diskusjon og at ein kommenterer ein annan student sitt framlegg. For studentar som tek SAKDI111 om vårsemesteret vil det bli gitt ei anna oppgåve.

For studentar som er på utveksling vil det bli utarbeidd alternativt opplegg.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 300 sider

Emneevaluering

Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Postboks 7802, 5020 Bergen

studieveileder@svfa.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    10.12.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    26.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen