Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Politiske ideologier

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeSAMPOL103
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gjere studentane kjende med ulike normative tilnærmingar til studiet av politikk.

Kurset, tek opp klassiske og nyare politiske ideologiar med særleg vekt på tilhøvet mellom ideologiar og det demokratiske idealet. Studenten vert her introdusert for liberalisme, konservatisme, kommunisme, sosialisme og fascisme, samt nyare normativ teori knytt til fordelingsrettferd.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap

Studenten 

  • skal ha kunnskap om ulike politiske ideologiar, som liberalisme, konservatisme, kommunisme, sosialisme og fascisme; samt ha kunnskap om moderne teoriar om fordelingsrettferd.

Ferdigheiter

Studenten 

  • skal kunne definere, identifisere, og samanlikna ulike politiske ideologiar som liberalisme, konservatisme, kommunisme, sosialisme og fascisme.
  • skal kunne rapportere og skrive om den historiske konteksten som  er til grunn for utviklinga av desse ideologiane. Vidare skal studenten kunne identifisere, namngi og drøfte dei viktigaste teoretikarane som har vore inspirasjonskjelda til desse ideologiane.
  • skal ha kunnskap om og vere i stand til å gi ein fyldig definisjon av sentrale moderne teoriar om fordelingsrettferd, samt kunne diskutere og analysere forskjellar i korleis desse teoriane er grunngjeve. Vidare skal studenten kunne drøfte kva slags implikasjonar dei har for synet på inntektsforskjellar i samfunnet.   
  • skal kunne vere i stand til kritisk å diskutere dei ulike ideologiane, og i tillegg ha evna til å fortolke partia sine politiske plattformer med ideologiske «lenser».
  • studenten skal vere i stand til å illustrere og diskutere kva slags politikkar som følger av dei ulike ideologiane; meir generelt vere i stand til å gi ein ideologisk analyse og fortolking av sitt eige og andre sitt syn på staten si rolle i samfunnet.

Generell kompetanse

Studenten 

  • skal skulle kunne skrive eit akademisk essay.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk oppgåve, maksimalt 1500 ord. Oppgåva må være godkjend før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing

Vurderingsformer

Heimeeksamen 3 dagar, maksimalt 3000 ord.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F vert nytta.

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.