Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Norsk politikk; strukturer, institusjoner og prosesser

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår - uregelmessig

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Emnet skal gi ei teoretisk og empirisk forståing av det norske politiske system. Systemet si oppbygging og tilhøyrande institusjonar og samanhengen mellom desse er i fokus. Det blir lagt vekt på formelle politiske institusjonar, aktørar og relevant politisk åtferd. Viktige institusjonar som ein vil kome inn på er Stortinget, regjeringa, forvaltninga og domstolar men også val- og partisystem. Sametinget og kommunar/fylkeskommunar vil også vere tema. Politisk åtferd vil i hovudsak bli knyta til veljarane si åtferd. Handlingar i og av politiske institusjonar vil dessutan vere viktig, for eksempel storting, regjering, forvaltning og parti.   

Emnet vil ta utgangspunkt i Stein Rokkans stats- og nasjonsbyggingsteori. Hans arbeider om strukturer og konfliktlinjer i det norske samfunnet vil vere sentralt. Emnet vil også introdusere teoretiske arbeider som utfordrar det strukturelle perspektivet Rokkan arbeidet med for å forklare og forstå handling og aksjon i systemet i dag. Emnet sin empiriske del (del 2) vil vere organisert ut i frå den horisontale og vertikale maktdeling i systemet. Den demokratiske styringskjeda vil stå sentralt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap
Studenten kan

  • bruke omgrepa stat- og nasjonsbygging i norsk kontekst, inkludert å bruke dei for å forstå utviklinga av sentrale politiske institusjonar i Norge frå 1814 til i dag.
  • utfordre funksjonelle og institusjonelle teoriar om politisk utvikling og trekke fram og diskutere analytiske forhold som kan leie frå strukturer og ulike former for konfliktlinjer til handling.
  • gjere greie for funksjonelle, institusjonelle og meir handlingsorienterte perspektiv og forklaringar på så vel institusjonell som individuell politisk åtferd i Norge i nåtid.
  • diskutere aktuell politisk utvikling med utgangspunkt i skiljelinjer og teoriar om institusjonelle forhold og politisk handling.
  • plassere og kritisk diskutere politiske institusjonar si rolle i både den horisontale og vertikale maktdelinga i Norge - over tid og nå.
  • demonstrere kjennskap til samanhengane mellom viktige politiske institusjonar i Norge, utviklinga i relasjonane mellom dei over tid og peike på moglege forklaringar til relasjonelle endringar.

Ferdigheiter
Studenten kan

  • kritisk og sjølvstendig analysere empirisk utvikling i norske politiske institusjonar med bakgrunn i teoretiske omgrep om stat- og nasjonsbygging, skiljelinjer og politisk åtferd.
  • analysere aktuelle politiske hendingar i lys av meir grunnleggjande historisk og institusjonell utvikling av skiljelinjer i det norske samfunnet.
  • på bakgrunn av kunnskap om det norske politiske system utføre analyser av problemstillingar knytt til utvikling i politiske institusjonar i nyare tid.

Generell kompetanse
Studenten kan

  • bruke teoretisk og empirisk kunnskap til å analysere offentlege dokument om det norske samfunnet.
  • bruke omfattande kjennskap til det norske politiske systemet som eit utgangspunkt for komparasjon med andre system. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107, SAMPOL115 og MET102

Studiepoengsreduksjon

10 studiepoengsreduksjon mot SAMPOL120

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppeoppgåve på inntil 2500 ord. 

Vurderingsformer

Heimeeksamen (to dagar, inntil 3000 ord)

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F vert nytta.

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    02.06.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    03.06.2021, 17:00
    Trekkfrist
    19.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen