Praksis i samanliknande politikk - utanbys

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Praktikantopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetansen samanliknande politikk gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Innhald: Studentane deltek i daglege arbeidsoppgåver i verksemda dei er utplasserte i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglige kompetanse og i forhold til bedriftene sine behov.

Studentane får rettleiing både frå verksemda og frå Institutt for samanliknande politikk.

Studentane skal i ein praksisrapport drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift, egen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret, samt presentere utgreiings- eller prosjektarbeid som er gjort for bedrifta.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Ferdigheter

  • Nytte fagkunnskapane studiet i samanliknande politikk gjev i ein reell arbeidssituasjon.
  • Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
  • Danne eit bilde av korleis bedrifter organiserer arbeidet, og relatera spørsmål knytt til statsvitskap til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
  • Reflektera meir medvitsfullt over eiga kompetanse og drøfte bruk av faglig kompetanse i praksis.
  • Kritisk vurdere eiga praksisopphald.

Generell kompetanse

  • Skrive faglege forankra tekstar basert på behovet til arbeidsgivar.
  • Kommentere og gi tilbakemelding på skriftleg arbeid

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår/Haust

Undervisningsstad

Brussel, Oslo eller andre stader utanfor bergensregionen.
Krav til forkunnskapar

MET102 og SAMPOL110

eller

MET102, SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107

eller

MET102, EUR101, EUR103 og EUR105 /SAMPOL215

eller

tilsvarande emne frå andre samfunnsvitskaplege studieretningar ved Universitetet i Bergen (må inkludere MET102), dersom det er ledige praksisplassar.

Studiepoengsreduksjon
Overlappar 100 % med SAMPOL113, SAMPOL114 og SAMPOL290
Krav til studierett

Følgjande krav til studieprogresjon og karakterar gjeld:

  • Emnet er avgrensa til studentar som har oppnådd karakteren C eller høgare i MET102 og karakteren C eller høgare i snitt på spesialiseringsemna og/eller programemna som inngår i studieprogrammet vedkomande er teken opp på.
  • Vidare er emnet avgrensa til studentar som har godkjend eksamen i ein av følgjande emnekombinasjonar:
  • SAMPOL105 SAMPOL106 og SAMPOL107 (SAMPOL110 kan erstatte desse)
  • EUR101, EUR103, EUR105 (SAMPOL215 kan erstatte EUR105)
  • Søkjarar frå bachelorprogrammet i europastudiar vil verte prioriterte, deretter søkjarar frå bachelorprogrammet i samanliknande politikk.
  • Normert studieprogresjon vil bli vektlagt
  • Dersom det er ledige praksisplassar kan studentar frå andre studieprogram søkje, under føresetnad av at dei har avlagt MET102 og elles møter dei same krava til studieprogresjon og karakterar.

Dei søkjarane som møter krava ovanfor vil verte vurderte på grunnlag av søknaden og CV-en dei sender inn, og kan også verte vurderte gjennom jobbintervju hos praksisverksemda.

Søknadsprosedyre

Send søknad og CV, samt karakterutskrift og eventuelle andre vedlegg (attestar m.m.) til Institutt for samanliknande politikk.

Søknadsfrist

15. mai (haust) / 15. november (vår)

Arbeids- og undervisningsformer

Form: Fire timar seminar og to individuelle rettleiingar

Mengd veker i praksis: 16 veker. Til saman eit heilt semesters arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Fullført praksisopphald, kommentere to medstudentar sine praksisrapportar.
Vurderingsformer

Innlevering av praksisrapport 5500-7500 ord.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.isp@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 14 dagers utsatt frist.

Litteraturliste
Emnet har ikke pensum
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Institutt for samanliknande politikk. Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.