Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskingsdesign og kvalitative metodar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

SAMPOL307-2 er eit emne i forskingsdesign. I tillegg til å studere eit breitt utval kjerneemne innan forskingsdesign, vil studentane bli gjeve opplæring i logikk og bruken av datainnsamling og -analyse av kvalitative samfunnsdata.

Kurset fokuserer på logikken som ligg bak forskingsdesignet, og nytteverdien og relevansen av fleire forskjellige metodar innan kvalitativ datainnsamling og analysar av denne i samfunnsvitskaplege studiar.

Spesifikke tema inkluderer: konseptualisering, kausalitet, casestudiar og samanlikning av par, komparativ metode, prosessporing, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, komparativ historisk analyse, feltarbeid og intervjuar.

For å bli kjent med korleis dei forskjellige metodane og forskingsdesigna blir brukt i praksis i publiserte artiklar, vil studentane lese eit utval forskingsartiklar og skrive fleire tekster som: (1) diskuterer korleis spesifikke metodar blir brukt og (2) evaluerer resultata av metodevala.

Emnet er delt inn i følgjande deler:

Konseptualisering, kausalitet, casestudiar, parvis samanlikning og einingsutval, komparativ metode, prosessporing, komparativ historisk analyse, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, feltarbeid og intervju.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Utvise kjennskap til eit breitt utval nøkkelelement ved forskjellige typar forskingsdesign
  • Gjennomføre i praksis kunnskap om metodar og best muleg metodeval for å effektivt kunne samle inn og analysere kvalitative data
  • Utvise og artikulere kjennskap til eksisterande akademisk litteratur og bruken av nøkkelelement i kurset.

Ferdigheiter

  • Demonstrere at dei kan fullføre skrivne tekster som framvisar evner til å analysere og kritisk evaluere bruken av forskingsdesign i eksisterande akademisk litteratur
  • Designe eit sjølvstendig statsvitskapleg forskingsdesign
  • Forstå relevansen til eit breitt utval forskingsdesignverktøy og -metodar og framvise t dei kan bruke dei i praksis.

Generell kompetanse

  • Vise at dei kan designe eit samfunnsvitskapleg forskingsopplegg
  • Utvise analytiske og kritiske evner i gjennomført vitskap
  • Artikulere kjennskap til nøkkelkonsept i den vitskaplege litteraturen om vitskapleg design og kvalitative metodar innan samfunnsforsking.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Full poengreduksjon mot SAMPOL304 og SAMPOL307

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar som er tatt opp til masterprogrammet i samanliknande politikk og har førehandsgodkjent utanlandsopphald.

Arbeids- og undervisningsformer

Eigestudie

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Heimeeksamen, ei veke, maksimum 4500 ord

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no

Eksamensinformasjon