Hjem
Studentsider
Masteremne

Politisk engasjement: Praktisk, empirisk forsking

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSAMPOL324
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår - uregelrett

Mål og innhald

Emnet dekker nokre av dei mest sentrale forskingsspørsmåla innafor forskingsgruppa «Medborgar, opinion, representasjon». Studentane vil i kurset få utvikla og gjennomføra eit eige avgrensa forskingsprosjekt innanfor emnet politisk engasjement/politisk åtferd. I prosjektet kan studentane samle eigne data i datalab. Særleg tre tema vert diskutert: Systemstøtte, politisk deltaking og nye politiske skiljeliner.

Emnet inviterer masterstudentar til å delta aktivt og sjølvstendig i aktuell og pågåande forsking innanfor studiar av politisk åtferd. Gjennom å gjennomføre eigne forskingsprosjekt vil studentane utvikle sentrale forskingsferdigheiter som prosjektutvikling, datainnsamling, analyse og rapportering. Studentar blir òg oppmuntra til å delta i ein kritisk vurdering av det empiriske fundamentet og dei metodologiske tilnærmingane som vert presentert innanfor det aktuelle forskingsfeltet.

Kurset vil bestå av reglemessige møter og sjølvstendig arbeid med prosjektet. Vi oppmodar til bruk av Medborgerlaben og Medborgerpanelet i arbeidet med prosjektet. Kurset føreset at studentane deltek aktivt på felles møter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • demonstrer kunnskap om minst eitt av dei tre hovudemna politisk tillit, politisk deltaking og nye politiske skiljeliner
  • har inngåande kunnskap om sentrale vitskaplege teoriar og metodar i fagområdet

Ferdigheter

Studenten

  • kan utvikla og gjennomføra eit eige avgrensa forskingsprosjekt
  • gjennomføre datainnsamling og dataanalyse
  • rapportere frå forskingsprosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere det empiriske fundamentet og dei metodologiske tilnærmingane som vert presentert innanfor eit forskingsfelt
  • kan sjølvstendig samla inn og analysere data på individnivå
  • kan presentere fagleg materiale skriftleg og verbalt

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 og SAMPOL306

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar 100 % med SAMPOL341 tilbudt våren 2013, og studentar som avla SAMPOL341 det aktuelle semesteret vil få full poengreduksjon.

Krav til studierett

Emnet er i hovudsak orientert mot studentar som er tatt opp på institutt for samanliknande politikk sitt masterprogram, men er òg ope for utvekslingsstudentar etter godkjenning av førespurnad. Kurset er avgrensa til maksimum 15 studentar. Tilgang til kurset vert gjeve til dei fyrste 15 som vurderingsmeldar seg i emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

12 timar felles seminar / 6 timar felles veiledning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Innlevering og presentasjon av prosjektbeskrivelse

- Presentasjon av prosjektresultat

Vurderingsformer

Forskingsrapport (maksimalt 4500 ord)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.