Fordelingsrettferdighet

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

«Fordelingsrettferdighet» er eit emne i politisk filosofi, med søkelys på rettferdig fordeling av inntekt og formue. Det meir presise formålet med kurset er å studere og diskutere liberalisme (og tilhøyrande kritikarar) - ein politisk ideologi basert på ideane om fridom (f.eks. religionsfridom, sivile rettar) og likeverd (f.eks. lik moglegheit for inntekt og formue). Studentane vil kritisk diskutere «liberal egalitarisme» - den tydelegaste representanten for liberalisme som ein politisk filosofi, men også alternative doktriner, som utilitarisme, marxisme, Rawlsianisme og libertarianisme.

Emnet trekker på både normativ og empirisk forsking. Ved å kombinere ei empirisk tilnærming med ei teoretisk tilnærming, tar emnet sikte på å slå saman to forskingsområde som dessverre er fråskild og for det meste studert kvar for seg. Dette skiljet mellom empirisk og normativ analyse er uheldig fordi dei begge drar nytte av kvarandre. Normativ forsking bidrar til empirisk forsking ved å gi den struktur, retning og formål. Empirisk forsking bidrar til normativ forsking ved å undersøke kva som praktisk kan gjennomførast og i kva grad normative teoriar har folkeleg legitimitet.

Emnet inkluderer tema som har høg relevans for ulike underfelt av samanliknande politikk: demokrati, sivilsamfunn, makt, velferdsstat og ulikskap. Den er delt inn i tre tema: a) teoretisk litteratur om fordelingsrettferd: b) empirisk litteratur om fordelingsrettferd (inkludert den siste eksperimentelle forskinga om folks sosiale preferansar); og c) dei politiske implikasjonane av a) og b). For å illustrere sistnemnte: korleis omsetjast funn frå a) og b) til polariserte politiske spørsmål og diskusjonar i dag - kva er nokon av dei viktigaste implikasjonane av a) og b) for faktisk politikkutforming?

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:  

Kunnskap

  • bred kunnskap om dei viktigaste teoretiske tradisjonane innan fordelingsrettferd (inkludert marxisme, libertarianisme, flaks-egalitarianisme, terskelteori, borgerlønn og Rawlsianisme);
  • demonstrere kunnskap om sentrale debatter innan liberal politisk teori og mellom liberale og ikkje-liberale perspektiv;
  • evna til å kritisk evaluere analysemetodar, data og funn knyta til studiet av sosiale preferansar - både på individ- og mellomnasjonalt nivå;
  • demonstrere kunnskap om ulike offentlege politiske tilnærmingar til omfordeling, deira respektive filosofiske røter og deira konsekvensar for økonomiske ulikskap;
  • Evna til å analysere politiske institusjonar og kontroversar med bakgrunn i rettferdsteori.

Ferdigheiter

  • analysere og reflektere kritisk over viktige argumenter frå originaltekster innan fordelingsrettferd
  • diskutere og debattere innanfor ramma av seminarformat styrker/svakheiter ved klassiske og samtidige tekster om fordelingsrettferd;
  • skrive ein akademisk artikkel i politisk filosofi
  • evne til å kople normative poetisk teori til empirisk forsking på rettferdspreferansar

Generell kompetanse

  • innsjå viktigheita av den historiske utviklinga til politiske idear i kontekstualiseringa og forståinga av moderne, vitskapelege bidrag;
  • analysere og kritisk diskutere koplingane mellom abstrakt politisk teori, empiriske studiar av rettferdspreferansar, og politiske institusjonar;
  • analysere offentleg politikk på bakgrunn i normativ og positiv forsking
  • utføre normativ argumentasjon og analyse av offentleg politikk.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår - uregelmessig
Krav til forkunnskapar
Studentene må ha fullført ein bachelorgrad i statsvitenskap eller tilsvarande (forutsatt at det godkjennast av administrasjonen ved Institutt for samanliknande politikk).
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogram i samanliknande politikk.

Gjestestudentar på masternivå kan godtast etter søknad. Søknad kan avslås grunnet kapasitet.

Maksimalt antall studentar i emnet er 15 studentar. Tilgang til kurset vert gjeve til dei fyrste 15 som vurderingsmeldar seg i emnet.

Arbeids- og undervisningsformer
Heildagsseminarer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Fult oppmøte på ikkje færre enn 80% av seminara.
  • Alle studentar skal presentera ein eller fleire tekster frå litteraturlista, etterfylgt av ein felles diskusjon.
  • Vurderingsformer

    Eit essay på maksimum 5000 ord

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar A-F   
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for samanliknande politikk har det administrative ansvaret for emnet.