Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSAMPOL350
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Mål:

Målet med masteroppgåva er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde. Vidare er det eit mål å utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar innanfor dette området.

Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha oppnådd innsikt i utføringa av eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer. Studenten skal ha utvikla forståing for korleis ei vitskapleg problemstilling skal utformast og følgjast gjennom bruk av statsvitskapleg politisk teori og metode. Studenten skal ha skaffa seg brei kunnskap om forskinga på det feltet som er relevant for tema til oppgåva, og utvikla evne til kritisk vurdering av denne forskinga. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten ha utvikla analytiske evner og metodiske ferdigheiter som gjer han/ho i stand til å raskt setja seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder. Studenten skal også ha utvikla innsikt i og oppøvd evna til vurdering av grunnleggjande etiske problemstillingar ein stillast ovanfor i praktisk forskingsverksemd.

Innhald:

Arbeidet med masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som resulterer i ei avhandling. Studenten vil utvikle masteroppgåva gjennom: (1) individuell rettleiing saman med (2) deltaking i forskingsgruppemøter i samanliknande politikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan tileigna seg og anvende kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innanfor samanliknande politikk
  • har inngåande kunnskap om original design av forskingsprosjekt, identifisering av passande data, og bruk av egna metodar for analyse av kvantitative og kvalitative data
  • kan utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar innanfor samanliknande politikk samt opparbeide ei kritisk haldning til forskinga på området.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer.
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar, og bruk av data innanfor fagområdet, og bruke denne kunnskapen til å fullføre eit original, sjølvstendig og omfattande forskingsprosjekt (masteroppgåva)
  • kan analysera og forholda seg kritisk til ulike informasjonsskjelder innanfor statsvitskap, evaluere deira gyldigheit for eit spesifikt forskingsprosjekt, og trekkje slutningar om verda på grunnlag av kritisk analyse av forskingsfunn

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan vurdere forskingsetiske problemstillingar i praktisk forskingsverksemd;
  • kan kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine i akademiske samanhengar og ta dei i praktisk bruk i offentleg og privat sektor
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid, og nytta kompetansen i datainnsamling og analyse i ein variasjon av yrker i privat, offentleg og akademisk sektor
  • kan kommunisere problemstillingar, teoriar, analyser og konklusjonar både i studiet av politikk og samfunn, men også innafor breiare sfærar av sosial teori og empirisk analyse
  • kan bidra til nytenking på spørsmål om sosial teori gjennom å nytta teori, deskriptiv kunnskap, og forskingsferdigheter på nye områder og utfordringar

Krav til forkunnskapar

SAMPOL305, SAMPOL306 og SAMPOL307/SAMPOL307-2 (gjeld frå og med kull 2011)

For tidlegare kull er krava SAMPOL304, SAMPOL305, samt to av kursa SAMPOL311, SAMPOL315, SAMPOL316, SAMPOL318, SAMPOL322.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskaper er SAMPOL305, SAMPOL306 og SAMPOL307, samt to av dei valfrie fordjupingsemne på 300-nivå som institutt for samanliknande politikk tilbyr.  

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar som er tatt opp til masterprogrammet i samanliknande politikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Individuell rettleiing (her inkludert fullføringa av prosjektskildringa under haustsemesteret) saman med deltaking i forskingsgruppemøter i samanliknande politikk (som inkluderer presentasjon av litteraturgjennomgang under haustsemesteret).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ha rett til individuell rettleiing av masteroppgåva og for å kvalifiserast til å kunne levere inn oppgåva må studenten levere ei godkjent prosjektskildring i løpet av haustsemesteret jamfør spesifiserte innleveringsfristar.

Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve på 80-100 sider. Formkrav for oppgåva er spesifisert i rettleiingsheftet. Innleveringsdatoar: 1. juni og 20. november

Ei masteroppgåve, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitskaplege fakultet").

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert jamleg evaluert

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no

Eksamensinformasjon