Observasjon av val og menneskerettsbrot

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Vidareutdanning i observasjon av val og menneskerettsbrot er eit undervisningstilbod innanfor fagområdet statsvitskap. Det skal gje grunnlag for praktisk arbeid som observatør i regi av norske og internasjonale organisasjonar. Studiet er på masternivå og omfattar ein teoretisk og ein praktisk del.

Studiet skal gje forståing og innsikt i dei moglegheitene og avgrensingane som er lagt på observatørrolla. Det blir lagt særleg vekt på korttids- og langtidsobservasjon, men også koordinering og koordinatorrolla i forbindelse med planlegging og styring av eit observasjonsoppdrag. Hovudvekta er på observasjon av val og brot på menneskerettane.

Studiet skal bidra til at deltakarane skal kunne tileigna seg kunnskapar om menneskerettane, observasjon av brot på desse og prinsippa for valavvikling i demokratiske system.

Kurset skal dyktiggjere kandidatane i å kunne delta i og/eller organisere eit observasjonsoppdrag i ein internasjonal kontekst. Deltakerane på kurset skal vidare gjere seg kjend med val og brot på menneskerettane.

Studiets oppbygging:

Pensum i faget søkjar å dekke følgjande hovudtema:

  • Kva er menneskerettane?
  • Menneskerettane og godt styresett (Good Governance), med særleg fokus på rettsoppgjer og sanningskommisjonar
  • Rolla som observatør, både av val og av brot på menneskerettane
    • Valordningar og valfusk
    • Kampanjevurdering
      • Validiteten til valobservasjon
      • Lov og regulering av val
      • Forholdet til media
    • Observatørrolla
      • Etikk og åtferd
      • Kultur og verdiar
    • Metodiske og praktiske aspekt knytt til menneskerettsovervaking
  • Globaliseringa av menneskerettane
  • Teoretiske, metodiske og praktiske aspekt knytt til humanitær intervensjon

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap innanfor prinsippa for valavvikling i demokratiske system
  • har inngåande kunnskap om menneskerettane si betyding i internasjonal politikk
  • kan analysere prinsippa for valavvikling i demokratiske system

Ferdigheter 

Studenten

  • kan analysere dei moglegheiter og avgrensingar som er lagt på rolla som observatør av val og brot på menneskerettar, med særleg vekt på korttids- og langtidsobservasjon, men også koordinering og koordinatorrolla i forbindelse med planlegging og styring av eit observasjonsoppdrag.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke relevante metodar fot praktisk observasjon av val og brot på menneskerettane
  • kan gjennomføre og/eller organisera eit observasjonsoppdrag i ein internasjonal kontekst under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad.

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
 Bachelorgrad eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Ingen studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga finn stad over ein periode på 6 månader og er organisert i form av helgesamlingar.

Undervisninga er delt i ein teoretisk og ein praktisk del. Forma på undervisninga er førelesningar og seminar. Den praktiske delen blir i hovudsak gitt i form av rollespel.

Totalt 42 timer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg eksamen i form av ein heimeeksamen. Innleveringsfrist er ein månad/4 veke og innleveringa bør ikkje overskride 4500 ord.

Til eksamen blir det lagt vekt på å vurdere kandidatens kunnskapar om menneskerettar og valobservasjon på den eine sida, og den metodiske planlegginga og gjennomføringa av ein observasjon av val og brot på menneskerettar på den andre sida.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Vår

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Se digital pensumliste
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Terje Knutsen
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.